Kreativt og breitt frå Litteraturhuset
Litteraturhusets opnar med et smell med internasjonale stjerner som Zadie Smith og Naomi Klein. Og første veka er alt gratis!
Det er framleis ei veke igjen til Noregs første og Europas største Litteraturhus opnar i Oslo. Men allereie i dag kunne ein entusiastisk dagleg leiar Aslak Sira Myhre presentere haustens program.
Og han har grunn til å glede seg, for det litterære tilbodet er imponerande mangfaldig - prega av både store forfattarnamn og kreative påfunn.
- Det eg er aller mest nøgd med, er breidda i programmet, seier Aslak Sira Myhre til ABC Nyheter.
- Vi har alt frå middag med Anne B. Ragde, der ho skal kome og koke og steike for publikum, til foredrag om Petter Dass. Huset er for alle.
Frå og med opninga 5. oktober og fram til jul skal huset stå for heile 70 opne arrangement, som i stor grad gjenspeglar både storleiken på bygninga og ambisjonane til dei som står bak.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenZadie Smith til Oslo
Eit av dei store namna som vitjar huset, er Zadie Smith - ein av Storbritannias mest lesne forfattarar. Smith er kanskje mest kjend for bøker som «Hvite tenner» (2000) og «Om skjønnhet» (2005). Tirsdag 9. oktober skal ho snakke med Toril Moi om forfattarskapen sin, og dagen etter vil ho halde foredraget «Fail Better» - der ho blant anna tar for seg korleis dei beste tekstane etter hennar meining spring ut av «strålande feil», heller enn frå ei førestelling om å skape den perfekte roman.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenZadie Smith blir rekna som ei av dei fremste representantane for det nye, multikulturelle Storbritannia, og er såleis midt i blinken for Litteraturhuset, som ifølgje leiaren skal satse ekstra sterkt på minoritetsungdom. Blant anna skal Noman Mubashir leie ei fast lesargruppe for målgruppa, der han tar utgangspunkt i bøker som skildrar oppvekst i eit fleirkulturelt samfunn.
Artikkelen fortsetter under annonsenBarn og humor
Litteraturhuset har også ambisjonar om å vere ein attraktiv møteplass for barn og ungdom. Barna skal få fri frå foreldra i barnerommet i 3. etasje, der det vil bli forteljarstund og underhaldning medan dei vaksne får med seg eit laurdagsforedrag.
- Det blir vårt svar på ballrommet til IKEA, berre meir stimulerande, sa Aslak Sira Myhre på pressekonferansen.
Programmet er også i stor grad prega av kreative innspel og humor. Under vignetten «Spis en forfatter» vil husets kafé presentere ein forfattar kvar onsdag, som kjem og kokar og steiker for publikum - noko som gjer det mogleg for publikum å møte skribentar i ein meir uformell setting. Først ut er Torgrim Eggen.
Huset har også knytt til seg humoristen Knut Nærum - som annakvar torsdag skal arrangere «Bokdusjen», der NRK-kjendisen skal både snakke, synge og danse litterære sketsjar. Humorinnslaget avsluttar torsdagens Singelkutt - der ein norsk samtidspoet presenterer seg for publikum i format henta frå popmusikken, 3'33" - den ideelle lengda på ein hitsingel.
Artikkelen fortsetter under annonsenEit anna fast arrangement på huset, er Snikkikk: Ei form for litterær førpremiere der forfattarar les opp frå bøker som enno ikkje er utgjevne.
Alt gratis
I opningsveka er alle arrangement gratis. Også opningsfesten fredag 5. oktober, som ifølgje Aslak Sira Myhre skal bli ei heidundrande markering:
- Dette blir fotfolkets fest. Vi har invitert bokhandlarar, bibliotekarar, alle som jobbar med litteratur på ein eller annan måte. Det vil bli over tusen menneske her, men det har vi plass til.
Fakta om Litteraturhuset:
Litteraturhuset ligg i Wergelandsveien 29, i lokala til Oslos gamle lærarskule.
I første etasje i huset finn du Kafé Oslo og bokhandel. Vidare opp i etasjane ligg seks ulike scener og rom for samtale, debatt og formidling.
Artikkelen fortsetter under annonsenPå loftet er det innreia ei eiga etasje for forfattarar som treng ein arbeidsstad. Litteraturhuset rommar også Noregs første forfattarleilegheit for utanlandske forfattarar og intellektuelle.
Litteraturhuset blir driven av Stiftinga Litteraturhuset, oppretta av Institusjonen Fritt Ord desember 2006.
Stiftinga er uavhengig og ikkje-kommersiell. Fritt Ord finansierer drifta i sju år framover.
Det finst allereie ei rekkje Litteraturhus i Tyskland, Sveits, Austerrike, Belgia, Nederland, Danmark og Sverige, men huset i Oslo vil bli det aller største.
Opprettinga av huset er inspirert av tysk tradisjon for frie Literaturhaus.