Skjelettet kan gi diabetes-svar

Skjelettet kan gi diabetes-svar
Skjelettet kan gi diabetes-svar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar meiner at skjelettet vårt kan produsere eit hormon som påverkar sukkernivået i blodet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Illustrasjonsfoto:
Jan Roger Johannesen

Det er forskarar ved Columbia – universitetet i New York som meiner skjelettet produserer eit hormon som kan påverke blodsukkeret vårt og lagring av fett i kroppen. Resultata av den nyvinnande forskinga vart publisert i tidskriftet Cell og presentert på forskning.no.

Trass i at forskinga er basert på mus og ikkje menneske, håpar no forskarar at dette skal kunne føre til nye medisinar og fleire svar på diabetes - gåta.

- Eg var overraska over kor omfattande funna var, seier hovudforfattar av forskingsrapporten, Gerard Karsenty til Nature.

- Det ser ut til at skjelettet er ein reostat som regulerer stoffskiftet, meiner han.

Til liks med Karsenty meiner også norske forskarar rapporten er interessant, men at tida vil vise om dette også har ein effekt på menneske.

- Dette er interessant, men er ei rein museforsking. Om det har relevans for mennesket er nok usikkert, seier professor Kristian F. Hanssen vedAker universitetssykehus til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Forskinga kastar nytt lys over relasjonen mellom ein bioaktiv substans som vert produsert i skjelettet og som er involvert i å regulere insulinproduksjonen, blodsukkernivået og fettlagra i kroppen, seier Rune Jemtland, forskar ved Endokrinologisk seksjon ved Rikshospitalet, og viser til at det no framover vil vere viktig å undersøke om tilsvarande samanhengar kan dokumenterast hjå menneske.

Jemtland viser også til at Rikshospitalet i ei årrekkje har hatt studium på fleire pasientgrupper med ulike hormonrelaterte sjukdommar, knytt spesielt opp mot til dømes type2 diabetes og hjartesjukdom og beinskjørhet.