Antirøykjepille med interessant biverknad:Pille mot alkoholisme?

Pille mot alkoholisme?
Pille mot alkoholisme?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei einsleg pille kan tilsynelatande dempe lysta på både røyk og alkohol.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Røykjesluttpilla
Champix har blitt godt mottatt i Noreg. No kan det vise seg at pilla også kan nyttast i behandlinga av alkoholisme. (Foto: Pfizer.no)

For den som nyleg har blitt ikkje-røykjar, kan ein festleg kveld med alkohol i gode venners lag vere ein prøvelse, sidan røyk og alkohol for mange går hand i hand. No kan redninga vere her, i form av ei lita pille, melder CBS News.

Den reseptbelagde røykjesluttpilla Champix blei introdusert på den norske marknaden i fjor. Preparatet inneheld ikkje nikotin, men derimot det aktive stoffet Varenicline, som skal verke hemmande på røykjelysta.

No viser amerikansk forsking at stoffet også kan døyve lysta på alkohol.

Forskarar ved University of California i San Fransisco trena rotter til å innta store mengder alkohol. Då dyra hadde blitt nokre ordentlege drankarar, måla dei effekten av Varenicline. Og medikamentet dempa tydeleg drikkelysta til rottene.

No skal forskarane frå University of California gjennomføre ei rekkje nye forsøk for å sjå om den same effekten vil gjelde for menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Det mest spennande er at dette medikamentet, som allereie har vist seg å vere trygt for menneske som prøver å slutte å røykje, no er eit potensielt medikament til å bekjempe alkoholisme,» seier neurolog Selena Bartlett som står i spissen for studien.

- Sel bra i Noreg

Medisinsk direktør for Pfizer i Noreg, Yngve Mikkelsen, kjenner ikkje til den amerikanske studien, men kan fortelje at røykjesluttpilla sel bra i Noreg.

- Salet av dette preparatet har gått som forventa. Champix er ei pille som har blitt godt mottatt, seier han til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dempar lystkjensla

Verkestoffet Varenicline bind seg til dei same mottakarane i hjernen som nikotin bind seg til når ein inhalerer sigarettrøyk - ei handling som vanlegvis frigjer dopamin i lystsenteret i hjernen og såleis gjev røykjaren kjensla av velvære. Men ved å ta Champix skal denne vellyst-effekten blokkerast.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein skal dessutan sleppe unna røykjesuget og unngå abstinensar som irritasjon og rastlause, som ein røykjar vanlegvis vil oppleve når han eller ho forsøker å slutte.

Behandle alkoholisme

Den nye studien viser at også alkohol verkar på dei same stadene i hjernen.

Om det viser seg at Varenicline også dempar lysta på alkohol, håpar forskarane at pilla vil kunne nyttast i behandling av alkoholisme.

Forsøka skjer i samarbeid med det amerikanske nasjonale instituttet for alkoholmisbruk og alkoholisme.

Det er Pfizer som har utvikla Varenicline spesifikt som eit antirøykjemiddel. Firmaet skaffar forskarane piller til dei nye forsøka, men er ikkje ytterlegare involvert i forskinga.

Trass i at Champix kan verke som ei vidunderpille, er ho ikkje utan biverknader. Ifølgje Champix sine eigne heimesider får omkring 30 prosent av brukarane biverknader i form av kvalme, forstopping, luft i magen og/eller oppkast.