400 000 vaksne slit med å lese

400 000 vaksne slit med å lese
400 000 vaksne slit med å lese

400 000 vaksne nordmenn har så dårleg leseferdigheit at dei har problem med å fungere i samfunnet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Lesevanskar:
400 000 nordmenn mellom 16 og 65 år har store lesevanskar. Men det er skilnad på å ha lesevanskar og å ha dysleksi eller vere analfabet, minner Nasjonalt senter for leseforsking og leseopplæring om. (Foto: Meral Akbulut/sxc.hu)

- Men det finst så godt som ingen analfabetar i Noreg i dag, seier førsteamanuensis Egil Gabrielsen ved Nasjonalt senter for leseforsking og leseopplæring i Stavanger. Han meiner lese- og skriveferdigheitsproblem må takast på alvor, men seier undersøkingar og rapportar kan tolkast ulikt.

780 000 svake

For seks år sidan starta OECD ei undersøking av leseferdigheita hjå vaksne innbyggjarar i seks utvalde land. Noreg var med i denne gruppa saman med Bermuda, Canada, Italia, Sveits og USA. Kartlegginga fekk namnet Adult Litteracy and Life Skills (ALL). Noreg var det landet som kom best ut av undersøkinga.

I ei rangering frå nivå1 til 5, kor 5 er best, har 8 prosent av nordmenn mellom 16 og 65 ei leseferdigheit svarande til nivå 1.

25 prosent mellom 16 og 65 høyrer til i på nivå 2. Etter OECD-standard er nivå 1 og 2 svake lesarar. I tal betyr det at over 780 000 nordmenn mellom 16 og 65 er svake lesarar.

Grunn til uro

Lesesenteret meiner derimot at kriteria til OECD er for strenge, og opererer med eigne tal.

- Me meiner det er meir rett å seie at 400 000 nordmenn er svake lesarar, seier Egil Gabrielsen. Desse lesarane har alvorlege lesevanskar og vil ofte få problem med tekst i kvardagen og i arbeidslivet. Sjølv om også dette talet er høgt og gir grunn til uro, vil Gabrielsen nyansere det noko.

- Det er større grunn til å vere uroa over 16-åringane som er på veg inn i vaksenlivet utan grunnleggjande leseferdigheit enn ein 50-åring som trass svak lesekunne fungerer i arbeidslivet.

Ikkje analfabetar

Lesesenteret meiner også omgrep som dysleksi og analfabetisme blir brukt feil av så vel media som politikarar.

- Analfabetane her i landet er ei heilt marginal gruppe. Dysleksi er ein diagnose som somme har. Men det finst langt fleire svake lesarar enn det finst dyslektikarar i landet, presiserer Gabrielsen.

Trur godt om seg sjølv

Ulike lesetestar utførte i regi av OECD og andre avslører og at lesarar på dei fleste nivå ofte vurderer eiga leseferdigheit til å vere langt betre enn det ho objektivt sett er.

Ifølgje Gabrielsen ser det ut til at mange ubevisst venner seg til med å lese tekst tilpassa sitt eige nivå og ikkje sjølve oppfattar at dei vel vekk vanskelegare tekstar. For mange er det og svært ubehageleg å innrømme at ein ikkje meistrar såpass grunnleggjande ferdigheiter som lesing og skriving.

Rett til opplæring

Fleire tiltak er sette i verk for å få bukt med problemet med manglande leseferdigheit hjå vaksne. Grunnskulelova gir alle rett til grunnopplæring, uansett om ein tidlegare har fullført grunnskulen. Det er kommunen som har plikt til å kartlegge behovet og syte for at ein får opplæring.

Vidare har alle som er fødde før 1978 har rett på vidaregåande opplæring viss dei ikkje har slik frå før. Dette er eit fylkeskommunalt ansvar.

Ekstra løft

I fjor starta Kunnskapsdepartementet «Program for basiskompetanse i arbeidslivet» (BKA) som skal hjelpe verksemder å rekruttere eller gje eit ekstra kompetanseløft til arbeidstakarar med svak basiskompetanse. 64 verksemder fekk midlar frå BKA i 2006. I år er bevillingane auka frå 20 millionar til 34,5 millionar.

Lesesenteret meiner dette er eit viktig tiltak, sjølv om det er lenge før ein får full dekking.

- Me håper BKA blir ei permanent ordning.

Fakta:
Dysleksi: Påfallande svikt i lese- og skriveferdigheit hos personar som har normale evner og sansar og har delteke i vanleg undervisning. (caplex.no)
Analfabet: Person over ein viss alder som verken kan lese eller skrive. (caplex.no)
Funksjonell analfabetisme: Vert som regel forstått me at ein ikkje har lese- og skriveferdigheit nok til å greie seg i det samfunnet ein lever i.

Les også:
Halvard lærte aldri å lese

Framsidefoto: sxc.hu


Personvernpolicy