Verdas største dyr på veg tilbake

Verdas største dyr på veg tilbake
Verdas største dyr på veg tilbake
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir stadig fleire blåkval i verda. Men ein auka bestand er ikkje berre godt nytt for kvalen sjølv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Verdas største:

Blåkvalen er verdas største dyr med eit hjarte på storleik med ein bil. (Foto: Flickr/NOAA via pingnews)

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) har lagt fram tal som viser at den freda blåkvalbestanden aukar med 7-8 prosent årleg.

Vitskapleg sjef for kvalkommisjonen, Greg Donovan, seier ifølgje BBC at det ikkje er snakk om noka stor overflod enno, men at tala er lovande. Også bestanden av annan finnkval og pukkelkval er aukande, hevdar IWC.

Sterkt redusert

For om lag hundre år sidan fanst det mellom 150 000 og 200 000 blåkval i verdshava. ICW trur det finst om lag 4 500 blåkval i dag.

– For den sørlege halvkula er det snakk om omlag 2 300 dyr, så det er berre ein brøkdel av det det har vore, seier Donovan.

Blåkvalen tilhøyrer finnkvalfamilien og er det største dyret som har levd og lever på jorda. Det 30 meter lange og 160 tonn tunge dyret har ei tunge som veg like mykje som ein elefant og eit hjarte på storleik med ein bil. Blåkval kommuniserer med kvarandre akustisk, også kalla kvalsong*, og lyden kan vandre tusenvis av kilometer.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye trugslar

Kvalfangsten i førre århundre reduserte blåkvalbestanden så mykje at det på sekstitalet vart naudsynt med vern av dyret. Blåkvalen er i dag totalfreda, og den står på verdas verneunion (ICUN) si raudliste over trua dyreartar.

Ironisk nok kan den auka bestanden også vere ein ny trugsel mot blåkvalen. Når talet på ein trua dyreart stig, aukar og sjansen for at dyret blir fjerna frå vernelista og dyret blir meir tilgjengeleg for jakt.

Ifølgje IWCs Greg Donovan kan også klimaendringane vere ein trussel for kvalen.

– Sjølv om ein ikkje er sikker på korleis det vil slå ut, så er det slik at blåkvalen beiter ved iskantane. Viss det blir mindre is, så kan det ha noko å seie, også for blåkvalen.

Kjelder:BBCWikipedia*Marinebio.org (lydfil)WWF