- Vi krangla mykje

- Vi krangla mykje
- Vi krangla mykje

Juryen innrømmer at dei krangla mykje då dei skulle bestemme Noregs litterære kanon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ventar debatt
Juryleiar Janike Kampevold Larsen ventar at lista deira over Noregs litterære kanon vil vekkje debatt, blant anna fordi store namn som Amalie Skram er utelatt. (Foto: Kari M. Hestad)

I dag la ein fagjury beståande av ti kvalifiserte lesarar fram det som skal vere dei 25 viktigaste verka i norsk litteraturhistorie, frå norrøn tid fram til i dag.

Les lista her.

Juryen bestod av både forfattarar, kritikarar og litteraturvitarar, like mange menn som kvinner. Blant desse var Ane Farsethås, kritikar frå Dagens Næringsliv, Martha Nordheim, kritikar i NRK, og juryleiar Janike Kampevold Larsen, som ABC Nyheter snakka med etter at lista var presentert.

Høg temperatur

Juryen starta med over hunde norske titlar og så diskuterte dei seg ned til 25.

- Vi krangla mykje, seier Ane Farsethås og ler, noko Marta Nordheim må seie seg einig i.

Tre glade jurymedlemmar. Frå venstre: Henning Howlid Wærp, Marta Norheim og Ane Farsethås (Foto: Kari M. Hestad)Tre glade jurymedlemmar. Frå venstre: Henning Howlid Wærp, Marta Norheim og Ane Farsethås (Foto: Kari M. Hestad)

- Eller diskuterte, er vel meir rett å seie.

- Heldigvis består norsk litteratur av meir enn 25 gode titlar, slår Marta Nordheim fast

- Vi har vurdert alle typar verk, også sakprosa og verk frå nyare tid, seier Ane Farsethås.

Dei eldste verka var juryen stort sett samde om, som diktet "Voluspå", Petter Dass' "Nordlands Trompet" og Ibsens "Peer Gynt". Dei var også einige om at Arne Garborg og Tarjei Vesaas skulle med, men ikkje kva verk dei skulle velje. Av dei tidlegare fire store - Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie - er det berre Ibsen som har blitt funnen god nok til å bli med i Noregs nye kanon.

- Rimbereid ikkje kontroversiell

- Vi ville ha eit verk frå nyare tid. Rimbereid var det ikkje så vanskeleg å einast om, han trekkjer trådar tilbake til Voluspå. Så han var ikkje så kontroversiell som ein kanskje skulle tru, frå vårt perspektiv.

Det var ikkje strid om å utelate Bjørnson, ifølgje Ane Farsethås. Men juryleiar Janike Kampevold Larsen innrømmer at det var verre å ikkje ta med namn som Amalie Skram.

- Det vil nok bli debatt, blant anna fordi store forfattarar som Skram er utelatt, seier ho til ABC Nyheter.

Juryleiaren innrømmer at det ikkje har vore ei lett oppgåve å skulle bestemme Noregs nye litterære kanon.

- Prosessen blei vanskelegare når vi kom nærmare samtida, for då har vi våre eigne preferansar, seier ho til ABC Nyheter.

- Finst det nokre likskapstrekk mellom dei 25 verka?

- Det finst ei uspesiferbare kvalitetar i verkeleg god litteratur, som ein ikkje klarar å bestemme kva er. Eit reservoar som ein stadig kan vende tilbake til, svarar juryleiaren.

Frå Voluspå til Solaris korrigert

- Det interessante var at vi oppdaga at vi kunne trekkje linjer frå Petter Dass til Dag Solstad og til Øyvind Rimbereid. Det gjeld særleg skildringa av staden, det topografiske. Dass er etter mitt syn kjempeaktuell på grunn av dei typografiske skildringane.

Kampevold Larsen trekkjer gjerne linjer mellom eddadiktet Voluspå frå 900-talet og Rimbereids diktsamling frå 2004:

- Voluspå er eit stort metafysisk verk som blant anna skildrar framtida. Rimbereids diktsamling går føre seg i 2480. Han har ei antimetafysisk rørsle i si diktsamling, ei rørsle innover i jorda, i motsetnad til science-fiction filmen Solaris, som går føre seg på ein romstasjon og vender seg ut mot det kosmiske, fortel Janike Kampevold Larsen.

Øyvind Rimbereids diktsamling blei tildelt Kritikarprisen 2004 for beste skjønnlitterære utgiving og kåra til årets dikt av NRK/P2 sine lyttarar same år.

Les meir:

Her er 25 bøker du burde ha lese

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus