Alle kan vere forfattar

Alle kan vere forfattar
Alle kan vere forfattar
Artikkelen fortsetter under annonsen

I «Open bok» kan du utfolde deg både som skribent og redaktør. – Det er første gong dette blir gjort i Noreg, seier forlagsredaktør Agnes Brudvik Engeset i Skald forlag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forlaget lanserte i går nettboka «Open bok» og har allereie merka god aktivitet.

- Me har lagt ut byrjinga til eitt par kapittel. Desse er skrivne på førehand av ei lita kjernegruppe, fortel Engeset. Nye forfattarar og redaktørar har meldt si interesse det første døgeret.

- I dag ser me at boka dreier meir og meir i retning av å bli ein krim, noko som kanskje ikkje er så overraskande gitt den tida me er inne i.

Ny rolle for brukaren

Det nye med denne typen nettpublisering, er at brukaren kan ha rolla som forfattar og redaktør.
- Når ein legg inn ein post i ein vanleg blogg, så er det berre ein sjølv som kan redigere innhaldet. I «Open bok» kan alle brukarane redigere i alle sine tekstar, ikkje berre sine eigne.

Forlaget har heller ikkje nokon krav til at folk må stå fram med fullt namn.

- Anonymt eller offentleg, det kan folk velje sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Inspirert av Wikipedia og Penguin

Skald har henta inspirasjon frå det brukarstyrte oppslagsverket Wikipedia til nettboka si.

- Me brukar deira publiseringsverktøy, så det bør vere kjend for mange. Men til skilnad frå Wikipedia er det skjønnlitteraturen og ikkje faglitteraturen som står i høgsetet hjå oss.

Forlaget kjenner ikkje til liknande nettbøker i Noreg.

- Men me har følgt med på det engelske forlaget Penguin si opne bok som nett slutta av. Den hadde til saman 1 500 forfattarar, men hadde ingen brukar-redaktørar slik me har, fortel forlagsredaktør Engeset.

Stolar på redaktørane

Om dette blir ei bok mellom stive permar til slutt, vil ikkje forlaget spå om.

- Det er ikkje sett nokon dato for når dette skal ende, me lar prosjektet gå så lenge det er aktivitet.

Og sjølv om Skald er eit forlag med nynorsk profil, er boka open også for bokmålsforfattarar.

- Me vil absolutt at boka skal vere på nynorsk, men om nokon vil skrive på bokmål, så må dei berre gjere det. Då reknar me med at nokon før eller sidan tar redaktøransvar og set om til nynorsk.

Bilde: Sanja Gjenero/sxc.hu