Blåbær mot tarmkreft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blåbær kan verke førebyggjande på tjukktarmskreft, trur amerikanske forskarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blåbær seinkar kolesterolet og kan også verke førebyggjande på tarmkreft, ifølgje ny forsking. (Foto: Scanpix)Blåbær seinkar kolesterolet og kan også verke førebyggjande på tarmkreft, ifølgje ny forsking. (Foto: Scanpix)

Nøkkelingrediensen, pterostilbene, er ein naturleg antioksidant og reinskar ut frie radikalar som kan stimulere kreftveksten, melder BBC. Liknande antioksidantar har allereie blitt identifisert i druer og raudvin.

Tidlegare studiar tydar på at pterostilbene også kan vere med på å seinke kolesterolet i blodet.

Bær er godt for kroppen

Forskarane frå Rutgers Universitet og det amerikanske landbruksdepartementet ser for seg at denne helsebringande eigenskapen kan framstillast i pilleform. I mellomtida må folk inkludere meir bær i kosthaldet sitt, særleg blåbær, meiner forskar Dr Bandaru Reddy, som deltok i studien.

Rotter som blei gitt kreftframkallande middel, men som deretter fekk pterostilbene, hadde færre tidlege teikn på kreft i tarmane enn andre rotter. Antioksidanten skal også ha redusert betennelse og førekomsten av celledeling i tarmane. Både betennelse og celledeling blir rekna for å vere kreftframkallande faktorar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om ekspertar ikkje kjenner den eksakte årsaken til tjukktarmskreft, trur har sjukdommen blitt knytta til eit høgt inntak av metta feitt.

Dr. Reddy og kollegaene hans trur at pterostilbene kan gjere det mogleg å reversere denne prosessen, moglegvis ved å seinke fettnivå som kolesterol.

Ekspertar tilrår allereie at ein et mykje frukt og grønsaker, minst fem om dagen, for å verne mot kreft og andre sjukdommar.

Pterostilbene finst også i druer, tyttebær og tranebær.

- Balansert kost

Men, ifølgje Ed Yong ved det britiske Cancer Research, kan ein ikkje umiddelbart overføre det positive resultatet til menneske:

- Sjølv om pterostilbene ser ut til å redusere risikoen for tjukktarmskreft hos rotter, er det uklart om det vil gjere same nytta hos menneske.

- Meir forsking er naudsynt for å bestemme om dette kjemikaliet kan spele ei rolle i kampen mot kreft. For augneblinken er det beste rådet å ha eit sunt, balansert kosthald, heller enn å stole på såkalla «supermat», seier forskaren.