Great Barrier Reef kan vere dødt om 25 år

Artikkelen fortsetter under annonsen

Global oppvarming kan forvandle verdas største korallrev Great Barrier Reef til ei audemark av bleika korallar innan 25 år, viser ny forskingsrapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gigantiske Great Barrier Reef er synleg frå verdsrommet. (Foto: Flickr.com/photos/charlton_b/)Gigantiske Great Barrier Reef er synleg frå verdsrommet. (Foto: Flickr.com/photos/charlton_b/)

Utsleppet av klimagassar må bremsast. Om ikkje, vil det fantastiske mangfaldet av fisketypar, korallar og blautdyr som lever på det 2000 kilometer lange korallrevet, vere lite anna enn eit minne for framtidige generasjonar.

Det skal vere hovudbodskapen i ein rapport som FNs klimapanel (IPCC) skal offentleggjere seinare i år, ifølgje eit konfidensielt utkast som The Daily Telegraph presenterer i dag.

Korallrevet, som er verdas største levande organisme, kan vere «funksjonellt utdøydd» innan 25 år.

Korallbleiking i australske sjøar vil sannsynlegvis bli eit årleg fenomen så tidleg som 2030, på grunn av varmare og surare sjøar, seier rapporten.

Koralldyra døyr


Bleiking av korallar skjer når vasstemperaturen stig. Då døyr koralldyra og etterlet seg kvite kalksteinskjelett.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi vil ha eit stort miljøproblem og eit økonomisk problem om vi ikkje høyrer på forskarane, seier Don Henry, leiar i Australian Conservation Foundation.

(Foto: Flickr.com/photos/hisglassworks/)(Foto: Flickr.com/photos/hisglassworks/)

Great Barrier Rief er 345.400 kvadratkilometer stort, berre litt mindre enn Tyskland eller Japan. Det består av hundrevis av samanhengande rev, som trekkjer til seg to millionar turistar kvart år. Berre ei lita forverring vil vere øydeleggjande for turistindustrien, som håvar inn 1,8 milliardar kvart år.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vitskapen gjer det heilt klart kor alvorleg korallbleikinga er, og kor presserande det er å få gjort noko med problemet.

Om lag 500 ekspertar skal møtast i Paris denne veka før fredagens offentleggjering av den første FN-rapporten om global oppvarming sidan 2001. FNs klimapanel skal vere høgt akta for å vere både nøytrale og grundige i arbeidet sitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor vurderte australske styresmakter å ta i bruk vidstrekte solskjermar for å verne korallrevet. Men duken, som skulle haldast på plass av flytande pontongar, kunne uansett berre ha dekka ein liten del av revet.

Utkastet frå FN-rapporten seier at ei rekkje andre delar av Australia som står på verdsarvlista vil kunne øydeleggjast av global oppvarming, inkludert Kakadu Nasjonalpark som blei berømt etter Crocodile Dundee-filmane, og Snowy Mountains.

Gigantiske Great Barrier Reef er synleg frå verdsrommet. Revet er over 2000 kilometer langt og dekkjer eit område på 230000 kvadratkilometer.

På revet lever om lag 1500 ulike fiskeartar, 400 koralltypar og 4000 ulike artar av blautdyr, som muslingar, sniglar og blekksprutar. Dei farlegaste innbyggjarane i revet er haiar, giftige skorpion-fiskar, blåringa blekksprut og dødelege maneter.

Dei eldste delane av korallrevet er 18 millionar år gammalt.

Kjelder: Folkevett.no, Wikipedia, The Daily Telegraph.