Einar Økland vann Gyldendalprisen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein punkrock-roman frå Åmot, ei songbok av Anne-Grete Preus og fleire bøker frå den arabiske verda er noko av det Gyldendal har å by på denne våren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av vårens mest spennande debutantar er Sturle Brustad som debuterer med boka «Anarchy in Åmot». (Foto: Morten Holm / SCANPIX)Ein av vårens mest spennande debutantar er Sturle Brustad som debuterer med boka «Anarchy in Åmot». (Foto: Morten Holm / SCANPIX)

Østerdalingen Sturle Brustad (42) blei presentert som vårens mest spennande debutant då han entra scena under Gyldendals pressefrukost torsdag.

Med Sex Pistols «Anarchy In The UK» dundrande ut frå høgtalarane vakna det noko morgontrøytte publikumet, og tonen var satt for opplesing av «Anarchy in Åmot» - ei munnrapp oppvekstforteljing om ungdom og punkrock, som gjer sitt inntog i den elles så rolege bygda Åmot i Buskerud.

Artisten Anne-Grete Preus kjem med songbok i byrjinga av april, og ho hadde med seg gitaren og opptredde på pressekonferansen. Songboka skal vere ei bok om livet hennar som artist, komponist og tekstforfattar, der tekstane hennar blir publiserte for første gong. Boka skal også innehalde notar for både gitar og piano, og songtekstar frå eit nytt album som blir lansert denne våren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gyldendalprisen gjekk i år til vestlandsforfattaren Einar Økland. Klassekampens Tom Egil Hverven delte ut prisen til den smålåtne lyrikaren:

- Når kritikarar roser ny lyrikk for å gå hit eller dit i ulike formmessige krumspring, skal det mykje til at ikkje Økland for lengst har vore der før - eller er der no, utan at nokon oppdagar det. Snart 44 år etter debuten lar Økland seg framleis ikkje plassere eller tabloidisere, sa Hverven om juryen si grunngjeving for utdelinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren Einar Økland fekk Gyldendalprisen på 300.000 kroner. (Foto: Morten Holm / SCANPIX)Forfattaren Einar Økland fekk Gyldendalprisen på 300.000 kroner. (Foto: Morten Holm / SCANPIX)

Einar Økland har skrive ei imponerande lang liste med bøker, og har tidlegare fått ei rekkje prisar, blant anna for barne- og ungdomsbøkene sine. Han har også skrive dikt og drama, romanar og essaysamlingar, og har med andre ord vist ei stor breidde i sin forfattarskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Økland innleia takketalen sin med ei lita anekdote om kva han brukar å svare tiggarane som møter han utanfor Oslo S når han kjem med toget til hovudstaden: «Eg gir berre til dei som tiggar på nynorsk.»

- Og Gyldendal har byrja å gjere det same som meg, det har eg ikkje noko imot, sa nynorskforfattaren til eit småflirande publikum.

Gyldendalprisen er i år på 300.000 kroner. Økland får prisen for sin lange og mangfaldige forfattarskap. I legatstyret sit professor Kjersti Bale, som er leiar i styret, universitetslektor Janike Kampevold Larsen, kulturjournalist Kristin Aalen, konsernsjef Geir Mork og Tom Egil Hverven, som er bokmeldar i Klassekampen.