Homoseksuelle Franco-offer kan få erstatning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange homoseksuelle spanjolar vart under general Francisco Franco lagt inn på psykiatriske sjukehus, torturerte, fengsla og forfølgde for legninga si. No vurderer regjeringa i Spania å betale offera e

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Homoseksuelle vart i tillegg til dei mange overgrepa frå det homofobe diktatorstyret, ofte også hindra i å arbeide sidan dei vart sett som kriminelle. Det har mellom anna ført til at mange av dei i dag er minstepensjonistar.

Den britiske avisa The Independent skriv at Spanias justisminister, Juan Fernando López Aguilar, no planlegg å gje offera ein månadleg pensjon på rundt 6.500 kronar i tillegg til ei eingongserstatning på vel 100.000 kroner.

Forfølginga av homofile heldt fram i Spania også etter at general Franco døydde i 1975. Først i 2001 lovde styresmaktene å slette rulleblada til homoseksuelle som vart dømde for legninga si under Franco. Den sitjande sosialistregjeringa i Spania legaliserte i 2005 ekteskap og adopsjon for homofile - på tvers av den konservative opposisjonen og den katolske kyrkja.

Framlegget om erstatning er venta lagt fram om to månader, skriv The Independent. (NPK)