Redningsarbeid avslutta etter svensk rasulykke

Artikkelen fortsetter under annonsen

Redningsarbeidet etter jordskredet på E6 nord for Uddevalla i Sverige blei avslutta seint onsdag kveld. Men hundar er sette inn i leitinga så politiet kan sikre seg at ingen fleire ligg under leirmass

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av bilistane som blei ramma, blir teken hand om av redningsmannskap etter at fleire bilar blei tekne av eit jordras som øydela rundt 400 meter av E6 sør for Strömstad onsdag kveld. (Foto: Niklas Maupoix / SCANPIX)Ein av bilistane som blei ramma, blir teken hand om av redningsmannskap etter at fleire bilar blei tekne av eit jordras som øydela rundt 400 meter av E6 sør for Strömstad onsdag kveld. (Foto: Niklas Maupoix / SCANPIX)

Uddevalla (NTB-TT): - Sjølve redningsarbeidet er avslutta. No blir det gjort undersøkingar for å sikre at det ikkje er fleire under jordmassane, sa Leif Larsson, som er redningssjef i Uddevalla, litt før midnatt.

Den siste personen som blei redda ut, var ein trailersjåfør. Traileren hans var eit av dei tolv køyretøya som blei tekne av raset og blei delvis nedgravne i leirmassane.

- Alt som er synleg er gjennomgått. No står ettersøk att, og vi jobbar for å sikre oss at ingen fleire ligg under jordmassane, sa Larsson.

På ei pressekonferanse ved midnatt blei det opplyst at til saman 26 menneske var frakta til sjukehus med lettare skader. Ingen er alvorleg skadd.

I Munkedal er kommunen si krisegruppe komen saman for å hjelpe dei som treng å få snakka ut etter den dramatiske ulykka. (©NTB)

Meir i Neste Klikk: