Operastjerne rømde av scena

Topptenoren Robert Alagna sjokkerte operapublikumet på La Scala då han storma av scena etter ein pipekonsert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den franske tenonen Roberto Alagna storma av scena søndag etter at publikum bua på han under konserten på La Scala-operaen i Milano. Ein kostymelaus reserve måtte erstatte han. (Foto: Reuters / Alessandro Garofalo / Scanpix)Den franske tenonen Roberto Alagna storma av scena søndag etter at publikum bua på han under konserten på La Scala-operaen i Milano. Ein kostymelaus reserve måtte erstatte han. (Foto: Reuters / Alessandro Garofalo / Scanpix)

Det hadde berre gått nokre få minutt av framsyninga av Verdis «Aida» i Milano førre søndag då den fransk-italienske operastjerna gjekk midt under ein duett, skriv BBC News. Reserven hans, Antonello Palombi, blei kasta på scena for å redde konserten, kledd i dongeri og utan å ha fått varma opp stemma.

«Nervøst start»


Dette var den andre kvelden til den nye sesongen til operahuset. Mange hadde sett fram til dette lenge, og håpa at framsyninga ville gjenopprette Italias status i operaverda. Og publikum - som inkluderte Italias statsminister Romano Prodi og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel - applauderte i meir enn 15 minutt etter teppefall.

Men Alagna, som spelte Ramades, den egyptiske kommandanten som må velje mellom kjærleiken til slaven Aida og lojalitetsbanda til den egyptiske Faraoen, fekk ikkje særleg smigrande kritikkar etter opninga.

Også på denne andre framsyninga skal songaren hatt ein «nervøs start», ifølgje den italienske avisa La Republicca.

Buing og piping frå publikum


Då tolkinga hans av den berømte Celeste Aria blei møtt med buing, piping og plystring, stoppa Alagna å syngje og gjekk rett av scena, medan duettpartnaren hans stod att aleine.

Leiinga bad publikum - som skal vere spesielt krevjande på La Scala - om orsaking før tredje akt tok til. Då framsyninga var over, uttalte dirigent Riccardo Chailly at han etter mange år på La Scala aldri hadde opplevd noko liknande.

Alagna skulda på det fiendtlege publikumet då han seinare forklarte seg for journalistane: «Eg har sunge over heile verda og hatt suksess, men framfor dette publikumet, var det som å vere i ei anna verd.»

Billettane til konserten kosta opptil 2000 euro og alle dei elleve framsyningane blei utselde berre 24 timar etter at dei blei lagt ut for sal.

Personvernpolicy