Haga vil ha heiltid

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunalminister Åslaug Haga refsar kommunane fordi dei ikkje opprettar fleire heltidsjobbar for tilsette som ynskjer det. No ber ho kommunane skjerpe seg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Haga vil ha fleire heiltidsstillingar. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)Haga vil ha fleire heiltidsstillingar. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)

Sundvollen (ANB): - Når eg snakkar med tilsette rundt omkring i kommunane, er det påfallande mange som ynskjer å gå frå ei deltidsstilling til heiltidsjobb. Samstundes veit me at kommunane i åra framover kjem til å trenge tusenvis av nye varme hender i pleie og omsorg. Då fattar eg ikkje at dei er så trege med å opprette heltidsjobbar til alle som ynskjer det, seier Haga til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Haga stiller seg dermed eitt hundre prosent bak kravet frå LO-leiar Gerd-Liv Valla og Unio-leiar Anders Folkestad. Dei har blåst støv av den gamle tanken om at deltidstilsette som ynskjer det, bør få tilbod om heiltidsarbeid. (ANB)