Munch-ranar fekk 10.000 i «lønn»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den 30 år gamle eksgardisten skal berre ha fått 10.000 kroner for å storme inn på Munch-museet og stele med seg «Skrik» og «Madonna».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Foto: ScanpixFoto: Scanpix

Oslo (NTB): No risikerer han 11 års fengsel for luselønna etter at politiet meiner dei har sikra seg nye bevis mot mannen, skriv VG.

Mykje tyder på at 30-åringen er blitt grundig lurt av dei andre ranarane ettersom begge dei andre som deltok skal ha blitt lova ein halv million kroner for oppdraget i tillegg til prosentar frå vidaresal.

Då saka var oppe i Oslo tingrett tidlegare i år, la påtalemyndigheita ned påstand om 11 års fengsel for 30-åringen, som da blei frifunnen. Men viss aktoratet får høve til å bruke dei nye bevisa kan dette svekkje saka til 30-åringen.

(©NTB)