Slutt på stilla i naturen?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ikkje umuleg at debattane blir høglydte når 100 representantar frå organisasjonslivet og kommunane skal diskutere stille og ro.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag skipar Statens forureiningstilsyn, Norsk forening mot støy og Direktoratet for Naturforvaltning til ein konferanse kor støy, stille og ro står på programmet. Hovudtema er motorferdsel i utmark.

Kari og Ola Nordmann har ofte ei forventning om å finne ro og fred når dei går på skitur i heia. (Foto: Norsk Plan)Kari og Ola Nordmann har ofte ei forventning om å finne ro og fred når dei går på skitur i heia. (Foto: Norsk Plan)

- Dette er eit tema som nok vil vekkje diskusjon, meiner Torleif Johnsen i Norsk forening mot støy.

For når kvalitetar som stille og ro skal setjast opp mot trongen til å ferdast i utmark på skuter og firehjuling, så er det interessekonfliktar ute og går.

Vegen er målet


- I dag er det mellom 50 og 60 000 snøskuterar i landet, og når desse skal dele utmarka med alle skigåarane og andre som ferdast i naturen, så får me både eit plassproblem og eit støyproblem.

Johnsen illustrerer korleis me nordmenn etterkvart opererer med to ulike tradisjonar: Ein skigåar tar seg ein tur for å nyte freden og roa oppe på fjellet. Han brukar kanskje fem timar på sjølve turen, og det å kome fram til ein gitt plass er underordna sjølve opplevinga han har undervegs.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Her blir vegen målet, seier Johnsen.

...men Kari og Ola set òg pris på å kome seg kjapt fram slik at dei kan nyte fjellet enno lenger. (Foto: fria-bilder.se)...men Kari og Ola set òg pris på å kome seg kjapt fram slik at dei kan nyte fjellet enno lenger. (Foto: fria-bilder.se)


Full fart


På den andre sida har me, ifølgje Johnsen, han som bruker skuteren for å kome seg opp på fjellet i ein fart. Skuter-køyraren bruker kanskje berre ein halv time på turen opp, og får dermed fem timar på seg til å sitje ved eit fjellvatn og pilke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Medan den eine har opplevinga undervegs, knyter den andre oppleving til det som skjer når han kjem fram, meiner Johnsen.

- Eg seier ikkje at det eine er meir rett enn det andre, men det ligg nokre konfliktar i dette.

Døyr av støy


Støyforureining er ikkje den miljøplaga som får mest merksemd i media og blant folk, men for dei som opplev mykje støy er det ei heilt reell plage. Og skal me tru tal frå Norsk forening mot støy, så kostar støy det norske samfunnet mellom seks og sju milliardar kroner årleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Viss me tar med at omlag 300 menneske døyr årleg som følgje av støyplager, kan me truleg doble beløpet, seier Torleif Johnsen. - Livet fyllast opp av alle typar støy, held han fram. - Slår du av PCen merkjer du kor mykje lyd det eigentleg kjem frå han. Bur du midt i byen, lever du med trafikkstøy heile tida.

Ikkje alltid yndlingssong


Johnsen peiker på korleis me omgir oss med stadig fleire ting og innretningar som lagar støy, og at støybildet endrar seg kraftig ettersom den tekniske utviklinga og den private økonomien skyt fart. Alle veit t.d. at fly bråkar frykteleg.
- Og når flytrafikken aukar, så blir det sjølvsagt meir bråk.

Eit praktisk initiativ kommunane kan setje i verk for å ta støyplager på alvor, er å inkludere kvalitetane ro og stillheit i reguleringsprosessar, meiner Johnsen. Kor mykje støy folk skal måtte finne seg i å tole, er det laga reglar og forskrifter for. SSB har og utarbeidd ein eigen støyplageindeks. Likevel ser Johnsen at støy vert opplevd svært individuelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- For den enkelte kan det kjennast svært ulikt. Det som kanskje er yndlingssongen din på dagtid, treng ikkje å vere det når naboen speler han om og om igjen svært høgt midt på natta.

Politisk press


Det politiske Noreg har byrja å snakke om støy. I 1999 sette eit samla Storting som mål å redusere støyplager med 25 prosent innan 2010.

- Det er det gjeldande målet per i dag, seier Johnsen. Han er glad for at støyproblematikken engasjerer politikarane, sjølv om han ser at det ligg store utfordringar framfor det norske samfunnet viss dette miljøproblemet skal kunne handterast.

- Det trengst politisk vilje til å følgje opp, for her kan ein stå føre store og gjennomgripande tiltak. Det vil sjølvsagt krevje store ressursar.

Visk vekk sosiale skilje


Men Torleif Johnsen er viss på at me i det lange løp vil tene på eit krafttak mot støyplager.

- Dei som bur ved jernbanelinjer, flyplassar eller har trikken som nærmaste nabo har kanskje ikkje økonomi til å velje å bu andre, meir rolege stader. Ved å redusere støy der det verkeleg trengst, vil samfunnet spare helseutgifter og samstundes jamne ut sosiale ulikskapar.

Meir: