Løyndomen til Stradivarius var skadedyrmiddel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor er Stradivariusen betre enn andre fiolinar? No kan forskarane ha funne løysinga på mysteriet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ekte Stradivarius vert framleis rekna som den beste fiolinen ein kan få tak i, sjølv om instrumenta no byrjar å dra på åra. Mellom anna spelte vår eigen Ole Bull, Noregs svar på Paganini, på ein fiolin frå den kjende instrumentmakaren Antonio Stradivari, som levde i Cremona i Italia frå 1644 til 1737.


Arve Tellefsen fekk i 2002 spele på Ole Bulls fiolin. Stradivariusen blei tatt ut av ein glassmonter i National Museum of American History i Washington. Det skal ha vore første gang sidan Ole Bull si tid at han har blitt spelt på. Her Tellefsen med fiolinen. (Foto: Knut Falch / SCANPIX)Arve Tellefsen fekk i 2002 spele på Ole Bulls fiolin. Stradivariusen blei tatt ut av ein glassmonter i National Museum of American History i Washington. Det skal ha vore første gang sidan Ole Bull si tid at han har blitt spelt på. Her Tellefsen med fiolinen. (Foto: Knut Falch / SCANPIX)


Mysterium


Til no har det vore eit mysterium kvifor akkurat desse fiolinane har den fantastiske klangen som gjer at moderne instrumentmakarar ikkje har noko å stille opp med. Men no har amerikanske forskarar kome på sporet av det som kan vere svaret på gåta, melder

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

The Sydney Morning Herald

.

Det ser ut som om det rett og slett er noko så upoetisk som skadedyrkontroll som kan ta æra for hundreår med sublime musikkopplevingar.

Forskarar ved Texas A&M University har nemleg analysert treet i instrument daterte frå 1717 til 1840. Ein fiolin og ein cello frå Stradivari si hand, ein Guarnerius-fiolin, ein britisk bratsj og ein fransk fiolin var med i undersøkinga.

Sterk kjemi


Spon av treet i dei gamle instrumenta blei skanna for å jamføre den kjemiske samansetninga i dei med materialet i moderne instrument. Forskarane fann ut at to av instrumenta som reknast for å ha spesielt god lyd, hadde blitt utsett for sterke kjemikalium.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dr. Joseph Nagyvary og teamet hans trur at materialet blei kokt i vatn med kjemikalium, for å verne instrumenta mot åtak frå mark og sopp. Kva kjemikalium som blei brukt er framleis ei gåte, men viss ein finn det ut, kan denne oppdaginga føre til at dagens instrumentmakarar på sikt kan kome til å måle seg med dei gamle meistrane, meiner Nagyvary.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Får ikkje låne


Det kan likevel bli vanskeleg å få svar på spørsmålet, for eigarane av dei omlag 600 Stradivarius-fiolinane som framleis finst er ikkje særleg lystne på å låne dei vekk til forsking. Ikkje ein gong tynne spon er dei villige til å dele med verda. Kanskje ikkje så rart, sidan instrumenta blir selde til svært stive prisar. I mai vert den hittil dyraste av dei seld i New York til 3,54 millionar dollar.

- Dessutan, trur Dr. Nagyvary, vil dei ikkje at løyndomen til Stradivari skal bli avslørt.

Kjelde:

Les meir på nettet:

Les meir i Neste Klikk: