Hemmeleg NOKAS-informant mistenkjeleg død

Mannen som skal ha gitt opplysingar til politiet om at David Toska bestilte Munch-ranet, er funnen død på eit hospits.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

David Toska under åstadsbefaringa til lagmannsretten i samband med ranet på tellesentralen. No er altså eit av vitna funne død. (Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX POOL).David Toska under åstadsbefaringa til lagmannsretten i samband med ranet på tellesentralen. No er altså eit av vitna funne død. (Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX POOL).

Oslo (NTB):
Dødsfallet blei registrert 3. november, og blir sett på som mistenkjeleg, skriv VG.

I skjulte opptak med ein politimann som oppnådde tilliten til 27-åringen, skal mannen blant anna ha opplyst at NOKAS-tiltalte Toska bestilte Munch-tjuveriet for å skape styr om NOKAS-etterforskinga. (©NTB)

Personvernpolicy