Amerikansk soldat dømt til livsvarig fengsel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein 23 år gammal amerikansk soldat er dømt til livsvarig fengsel for å ha valdteke og drepe ei 14 år gammal irakisk jente.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Washington (NTB-AFP): James Barker la korta på bordet under rettssaka og fortalde i detalj om kva som skjedde då fem amerikanske soldatar braut seg inn i eit bustadhus i Mahmudiyah sør for Bagdad i mars.

Den 14 år gamle jenta blei valdteken, drepen og sett fyr på, og soldatane drap deretter mora, faren og den seks år gamle systera til jenta.

- Barker blei dømt til livsvarig fengsel med moglegheit for prøvelauslating, seier ei talskvinne for militærdomstolen ved Fort Campbell i Kentucky.

Offiseren som hadde kommandoen under operasjonen, Steven Green, blei sparka ut av den amerikanske hæren tidlegare i år, og blei pågripen av amerikansk politi i juni.

Den sivile straffesaka mot Green opna i Louisville tidlegare denne månaden. Både Green og to av dei andre soldatane som deltok risikerer dødsstraff. (©NTB)