Nynorskvegring i Bokklubben

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bokklubbane prioriterer vekk nynorske bøker, hevdar forlagsredaktør i Samlaget. Det er vanskeleg å sjå at me som forbrukarar har reelle val når leverandøren av ei vare siler vekk produkt basert på spr

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Av 18 skjønnlitterære titlar på Bokklubbens Barn, er berre tre frå norske forfattarar, hevdar Kari Sverdrup i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattarar (NBU) i dag. Ingen av desse er på nynorsk.

Forfattar og redaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, hevdar at Bokklubben ikkje er villig til å fremje den norsk samtidslitteraturen og den nynorske litteraturen. Bokklubben ønskjer ikkje å diksutere saka. (Foto: Einar Schibevaag)Forfattar og redaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, hevdar at Bokklubben ikkje er villig til å fremje den norsk samtidslitteraturen og den nynorske litteraturen. Bokklubben ønskjer ikkje å diksutere saka. (Foto: Einar Schibevaag)


Tidenes beste


Nynorske bøker er berre unntaksvis hovudbøker i norske bokkklubbar. Det blei såleis ein viss hurlumhei, mest i positiv forstand, då Brit Bildøen si bok «Alt som er» blei første hovudbok frå ein kvinneleg nynorsk-forfattar i Bokklubben i 2004. Det er to år sidan.

I haust lanserte Bokkklubbene ein ny serie med tidenes 25 beste barnebøker. Bøkene vart plukka ut gjennom ei kåring bokklubben sjølv stod bak, og i juryen sat mellom andre ein forfattar, folk frå bokklubb- og forlagsbransjen og ein nasjonalbibliotekar.

Tidenes beste barnebøker er hovudsakleg utanlandske. Berre sju av bøkene er norske, og av dei igjen var det berre ei nynorskbok som nådde opp: «Dustefjerten» av Rune Belsvik.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ting er at me skal vakte oss for å drive proteksjonisme, men det måtte då vere vel så interessant å kåre dei 25 beste norske barnebøkene? Ole Brumm og Narnia-bøkene lever sine høgprofilerte og massedistribuerte liv og er ikkje avhengige av noko ekstra drahjelp frå Bokklubben.

Og berre ei nynorsk bok mellom dei 25 beste? Skriv ikkje nynorskfolk gode nok bøker? Sjølv tillet eg meg å tvile.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Feige


Laurdag førre veka gjekk den nye barne- og ugdomsredaktøren i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug, ut i Dagbladet og hevda at bokklubbane vegrar seg for å satse på norsk samtidslitteratur generelt og nynorsk litteratur spesielt.

Ho meiner vidare at bokklubbane ikkje kjøper inn nynorske forfattarar som t.d. Frode Grytten før dei er safe og har vist at dei kan selje. Ordet «feige» vart brukt i artikkelen, med Trohaugs velsigning.

Bokklubben har så langt ikkje vist særleg interesse for å forsvare seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje marknad for nynorsk


I dag fekk Samlagsredaktøren, saman med Kari Sverdrup, gjenta utfordringane på Kulturbeitet på NRK P2. Den Norske Bokklubben var og invitert, men takka nei. I staden blei det referert til ei fråsegn frå Bokklubbene om at marknaden for nynorsk barnelitteratur forsvann då Samlaget oppretta sin eigen barnebokklubb, Blåmann, og at det såleis var for stor kommersiell risiko å satse på nynorske barnebøker.

Det er synd at ikkje Bokklubbene, i eigenskap av å vere ein av dei største« bokpusharane» i landet, ønskjer å ta denne debatten. Å fri seg frå å ta inn ny, norsk og nynorsk litteratur fordi det ikkje er kommersielt forsvarleg, er eit tamt og viljelaust argument. Det kommuniserer manglande vilje til å lytte til det småbarnsforeldre, barn og ungdom ønskjer.

Kvalitet - ikkje språk


Ferske tal frå SSB syner at me bruker stadig meir pengar på bøker og fritidsartiklar. Auka levestandard og tjukkare pengesekk gjer at me kjøper stadig fleire varer, og me tar oss råd til å velje kvalitet.

Bokmål og nynorsk er standardar for språk, ikkje for kvalitet. Trohaug meiner at Bokklubben ikkje liter på at medlemmene deira ønskjer ny norsk litteratur som er av god kvalitet og som er på nynorsk. Når Bokklubben ikkje vil svare på slike direkte åtak, så kan ein som tilskodar kome til å tru at det er fordi Bokklubben meiner det ikkje er ei problemstilling.

Ein kan kome til å mistenke Bokklubben for å tru at medlemene deira ikkje ein gong har eit forhold til denne problemstillinga, og at me som bokkjøparar berre er nøgde med det me får servert.

Bokklubben, ja alle dei norske bokklubbane, hadde hatt godt av å ta utfordringa frå Trohaug og Sverdrup og gå nokre rundar med seg sjølv og lesarane sine.

Legg språkbarrierane vekk og gje oss dei gode lesaropplevingane. Våg å gje oss dei beste bøkene.

Framsidebildet er henta frå boka «Kant» av Akin Duzakin (Samlaget, 2005).

Meir i Neste Klikk:
Litteratur