Lågstatus-oppvekst aukar dødsrisikoen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Personar som veks opp i såkalla lågstatusheimar, der foreldra har lite utdanning og låg inntekt, har høgare risiko for å døy i ung vaksen alder.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (ANB): Ein rapport syner at kvinner og menn i alderen 25-35 år som har vakse opp i heimar med låg sosioøkonomisk status i Norge, generelt døyr tidlegare enn kvinner og menn frå «høgstatusheimar». Det er resultatet i ein ny forskningsrapport frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Høg og låg sosioøkonomisk status i barndomen blir i undersøkinga definert ut fra foreldra si utdanning, far sitt yrke og hushaldninga si inntekt.

Blant søner av fedre med høg utdanning blei det registrert totalt 97 dødsfall per 100.000 per år, mens talet var 146 for søner der fedrane berre har ungdomsskule. Dette tilsvarar 50 prosent høgare dødelegheit i denne gruppa.

For døtrer var tilsvarande tal 59 mot 70 dødsfall per 100.000. Det inneber 19 prosent høgare dødelegheit. Funna var dei same når forskerane tok utgangspunkt i foreldra si inntekt. (ANB)