Reiseguide til vondskapens akse

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lonely Planet-gründer Tony Wheeler har planar om ei bok av dei meir uvanlege: Ein reiseguide til «vondskapens akse».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange reisande har nytta seg av reisebøkene og late seg inspirere av tv-programma frå Lonely Planet.

Denne nye boka, som etter sigande skal få namnet «Badlands», vil handle om ekteparet Tony og Maureen Wheeler sine erfaringar med å reise i somme av dei meir utypiske turistlanda.

Lonley Planet-gründer Tony Wheeler har sjølv reist rundt i somme av landa som høyrer til «ondskapens akse». No vil han lage bok. (Foto: lonleyplanet.com)Lonley Planet-gründer Tony Wheeler har sjølv reist rundt i somme av landa som høyrer til «ondskapens akse». No vil han lage bok. (Foto: lonleyplanet.com)

- Ikkje sanksjonar


Eitt av desse landa er Burma, eit militærdiktatur Lonely Planet tidlegare har blitt fråråda mot å gje ut reiseguide om.

Kritikarane meier nemleg reiseguiden kan skremme folk frå å ville vitje landet. Men Tony Wheeler er ikkje samd i kritikken.

- Eg er heilt imot sanksjonar mot Burma, seier han til The Nation.

- Eg meiner utgjevinga av ein reiseguide er ein måte å bakke opp det burmesiske folket på. Ved å støtte drosjane, dei små hotella og lokale restaurantar, sørgjer me for at pengane går til folket, ikkje til det militære.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Inspirert av Bush


I tillegg til Burma, er det venta at boka skal handle om ytterlegare 11 land som ikkje er mellom dei typiske masseturismelanda.

Ifølgje Dagens Næringsliv si papirutgåve fekk Wheeler ideen til å lage den nye boka då president George W. Bush første gong brukte omgrepet «vondskapens akse»:
- Dit må eg reise, var min første tanke.

Axis of Evil

Det var i si tale om nasjonens tilstand den 29. januar 2002 at den amerikanske presidenten uttalte følgjande: «Land som desse, og deira allierte mellom terroristar, utgjer ein akse av vondskap som rustar seg for å truge verdsfreden». Bush refererte den gongen til landa Irak, Iran og Nord-Korea.

Seinare er også Syria, Libya og Cuba føyde til på lista over land som skal finnast på denne «vondskapens akse».

Anbefalar farlege strøk


Lonely Planet har blitt kritisert for å ha marknadsført plassar kor det er farleg å reise til, og kor utlendingar har blitt rana, valdtekne og drepne. Tony og Maureen Wheeler meiner det ikkje er opp til dei å beskytte lesarane sine.

- I bøkene våre har me åtvaringar mot kriminalitet og farlege område, seier Maureen.
- Men me lagar reiseguidar, og folk kan lese både aviser og magasin. Dei veit kva som skjer i verda.


Kjelder: Dagens Næringsliv, The Nation, Wikipedia

Meir i Neste Klikk:

«Lullabies from the Axis of Evil»

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving