- Noreg er verdas tiande forbruksversting

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg er på tiandeplass på lista over landa i verda som forbrukar mest av dei fornybare ressursane på jorda, ifølgje ein rapport frå miljøorganisasjonen WWF.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (NTB): Ifølgje rapporten «Living Planet Report 2006» brukar nordmenn godt over tre gonger meir av dei fornybare ressursane enn det som er økologisk forsvarleg.

Viss resten av verda hadde gjort som Noreg, måtte vi ha hatt meir enn tre jordklodar, ifølgje reknestykket til WWF.

Organisasjonen la for to år sidan fram ein liknande rapport. Då hamna Noreg på ellevteplass. Opprykket til tiandeplass skyldast høge CO2-utslepp og overforbruk av fiskeriressursane, skriv Dagsavisen.

- Det er ikkje veldig overraskande at Noreg rykker opp på rangeringa.
Klimautsleppa til Noreg har jo vore aukande dei siste åra. Denne rapporten understrekar kor viktig det er å endre kursen i klimapolitikken, seier Tor Traasdahl, informasjonsansvarleg i WWF-Noreg.

Han meiner det er på tide at nordmenn lærer seg å spare energi og oppføre seg meir miljøvenleg.

Overforbruket av fisk som blir nemnt i rapporten, skyldast oppdrettsindustrien. Ifølgje Fiskeridirektoratet brukast det 1,5 millionar
tonn fisk for å lage i overkant av 500.000 tonn oppdrettslaks.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fiskeartane som blir brukt i fôret, er for det meste småfisk som tobis, øyepål og kålmule. Ifølgje havmiljøkoordinator Maren Esmark i WWF-Noreg gir overfiske av desse artane store konsekvensar for økosystemet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving