Foryngingshormon utan verknad

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit hormon som blir påstått å ha gunstig innverknad på aldring, har ingen vesentleg effekt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det blir slått fast i ein ny studie som blir omtalt i New England Journal of Medicine.

Det dreiar seg om hormonet DHEA (dehydroepiandrosteron) som blir selt i stor mengder over heile verda.

Midlet blir påstått blant anna å betre muskelstyrken og gjera folk meir uthaldande. Etter kvart som folk blir eldre, blir eigenproduksjonen av DHEA i kroppen redusert, og påfyll kan vera freistande for mange.

Men no har altså den velkjende Mayoklinikken i Minnesota følgd 150 eldre i to år og funne ut at det var ingen skilnad på dei som fekk hormonet DHEA, og dei som fekk narremedisin, korkje når det galdt fysisk eller opplevd livskvalitet, skriv Dagens Medisin. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving