SV godtek lagring av amerikansk militærutstyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sosialistisk Venstreparti seier ja til ein avtale om å førehandslagre amerikansk militærutstyr på norsk jord.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): SV endra offisielt meining onsdag då ein einstemmig utanrikskomité slutta seg til framlegget frå regjeringa om å godkjenne avtalen mellom Noreg og USA om lagring av amerikansk militærutstyr.

- Vi har vore mot den amerikanske førehandslagringa sidan starten tidleg på 1980-talet. Men innstillinga inneheld viktige premiss som gjer at vi kan akseptere avtalen, seier SVs utanrikspolitiske talskvinne Ågot Valle til Klassekampen.

Ho legg vekt på at avtalen slår fast at norske styremakter skal ha innverknad på kva slags materiell som kan lagrast, at våpen som skal lagrast i Noreg må vere i samsvar med Noregs folkerettslege ansvar og at det ikkje skjer endringar i norske restriksjonar mot stasjonering av atomvåpen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving