Ja til straff av lokkemenn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tunge instansar seier ja til å straffe menn som kontaktar born på internett for å utnytte dei seksuelt. - Dette vil gjere det lettare å stanse overgrep, seier advokat og initiativtakar John Christian

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (ANB): Med internett har det kome ein ny type overgrep. Vaksne menn kontaktar born og unge på chattekanalar. Dei utgjev seg gjerne for å være yngre enn dei er, og etablerar eit tillitsforhold. Før eller seinare tek dei initiativ til eit møte med guten eller jenta. På dette møtet finner det ofte stad eit seksuelt overgrep.

Justisminister Knut Storberget vil endre lova, slik at det skal være straffbart å kontakte born på nettet med tanke på å møte dei for seksuell utnytting. Forslaget får brei støtte. Både Politidirektoratet, Barneombodet, Det nasjonale statsadvokatembetet, Politiembetsmennene, LO, Redd Barna og ei rekke andre organisasjonar seier ja til straff av lokkemenn.

- Eg er glad for støtta. Dette er ein lovheimel som gjer det mulig for politiet å gripe inn før eit overgrep har skjedd. Det kan dei ikkje i dag, seier han til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).