Nordmenn stegar vidare

Artikkelen fortsetter under annonsen

På seks veker har mellom 200.000 og 250.000 nordmenn skaffa seg skritt-teljar. Helsekampanjen til Landsforeningen for Hjerte og Lungesyke (LHL), «Hvert skritt teller», har med andre ord teke heilt av.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: npr.org)(Foto: npr.org)

(NPK): Kampanjestart var 1. september og målet var å få folk flest til å røre seg meir.

Verdshelseorganisasjonen har tilrådd at vi bør gå minst 10.000 steg kvar dag. Ein eigen elektronisk skritteljar kan enkelt måle om ein har lykkast. Formelt vart kampanjen avslutta i midten av september. Men det verkar som om «alle» framleis vil telje steg. 81 prosent av dei som har ein skritteljar i dag, svarar i ei gransking at dei ønskjer å halde fram med å gå med teljaren.

- Vi ønskjer å få barn og ungdom til å røre seg meir. Å utstyre dei med skritteljar kan gi dei meir inspirasjon, motivasjon og lyst til å gå i gang, seier Britt Erlandsen Villa, leiar for næringslivsnettverket i LHL til Aftenposten.

LHL har selt 100.000 skritteljarar. Clas Ohlson, Gresvig og fleire apotekkjeder har selt meir enn det, så det totale salet er opp mot 250.000 på seks veker.

Det er tilrådd at ein bør gå 10.000 steg dagleg. Det svarar til rundt seks kilometer. Går du frå 2.000-4.000 steg er du svært inaktiv, 5.000-6.500 steg gjer deg litt aktiv per dag, alt over 8.000 steg gjer deg aktiv, medan 10.000 pluss viser at du har hatt ein aktiv dag. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving