Kald New York-kveld for Peer
New York (NTB):
- Kjempefint, strålande. Publikum følgde med som smedar, men slapp seg laus etterkvart. Alt gikk på skjener, eg blei nesten uroa mot slutten for at noko feil skulle skje, seier ein lykkeleg Peer, eller Svein Sturla Hungnes, etter premiereframsyninga.
Etter fleire varme oktoberdagar, blei torsdagskvelden uventa kald. Newyorkerane satt pakka inn i jakker og skjerf rundt om på benkane på Delacorte Theatre.
Til saman står tre framsyningar på plakaten ved friluftsteateret i Central Park i New York. Byen tok pent imot Peer og gjengen hans, men det har vore hektiske dagar med førebuingar og prøver for dei omlag 180 frivillege frå Gudbrandsdalen og resten av skodespelarane.
Konsertversjonen av «Peer Gynt» er sett saman av bitar frå den årlege Gålåvatnet-framsyninga ved Vinstra og Verdsborger-framsyninga som har turnert i Europa. American Symphony Orchestra under leiing av Timothy Myers spelar musikk av Edvard Grieg.
Ved sida av dei frivillege er det også ei rekkje profesjonelle skodespelarar med. Blant andre Mari Maurstad som spelar Den grønnkledde, Kari Simonsen som Mor Aase og Linda Øvrebø som Solveig. (©NTB)