Sprudlande såpeboblepop for dansegla' ungdom

Artikkelen fortsetter under annonsen

Joho, dette er ei plate som får deg i godt humør!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Allereie i Idol-finalen i 2004 blei det klart at Margaret Berger er ei dame med bein i nasa, og det kom ikkje som noko overrasking då ho viste seg å vere ein svært så symjedyktig artist også etter at fjernsynskamera var slegne av. Jenta har talent så det held, og ikkje minst har ho nase for kommersiell popmusikk. Heile framtida ligg vidopen framføre ho, og andreplata hennar, «Pretty Scary Silver Fairy», er eit meir enn godkjend steg på ferda: herifrå kan det berre gå ein veg: rett opp!

Positiv elektronika


Margaret Berger er ung, så det er ikkje til å undre seg over at ho har latt seg inspirere musikalsk av andre sterke artistar. Det går ein raud tråd frå Bertine Zetlitz, dj-Annie, kanskje til og med frå Anja Garbarek, til Margaret Berger. Ho legg seg på den barnleg-naive, tilsynelatande lettbeinte linja vi kjenner frå Annies «Chewing Gum», Zetlitz' «Rollerskating» og Lily Allens gule regnjakkesykling i Londons bygater. Der Annie på si plate kviskra: «Let's start the record», svarar Margaret som eit ekko: «Let's start the next track» - kanskje meint som ein vennleg gest til ein kollega, kanskje for å markere tilknyting til og vidareføring av ein særeigen musikalsk tradisjon. Men Margaret er nok ikkje der heilt enno: ho er barnleg og leikande som Annie, men manglar hennar bittersøte snert og nyskapande «touch», ho nærmar seg Zetlitz sin utsøkt kalde sound, men den raffinerte perfeksjonen manglar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Æ like dæ å du like mæ»


Margaret syng om det som kan opplevast som ein noko enkel, men veldig typisk tenåringsproblematikk. Det handlar om kjærleiken mellom gut og jente, om «kissing in the dark of night, Never wanna say goodnight, oh baby» og tvilsame kjærastar som må haldast skjult for fedre som «ikkje vil forstå». Men sjølvsagt, ho skriv songane ut frå si eiga erfaringsverd, og når livserfaringa blir større vil også tekstane hennar romme meir enn det dei gjer på dette albumet. Lydbiletet er til tider prega av eit vel anmasande og hardt synth-komp, særleg gjeld dette dei mindre vellukka låtane «I'm Gonna Stay After Summer» og «Get Physical». Etter desse to er det deilig med det avbrekket som den sukkerspinn-søte «Naive (16)» og den herleg lettflytande «Robot Song» gjer lyttaren. Margaret har sjølv hevda å vere inspirert av åttitalsmusikk på dette albumet, noko som kjem tydelegast fram på det vakre sistesporet «Have You Never Ever».

Go'-låta «Samantha», som har lege 13 veker på VG-lista (ikkje utan grunn), snik seg leikande lett inn i øyregangane og gir både sommarfuglar i magen og kribling i danseføter.

For «Pretty Scary Silver Fairy» er ei kommersiell plate for dei danseglade, dette er plata å sette på til fest, når ein helst berre vil smile og le og hoppe rundt og livet berre er bra. Men det er også ei plate som fort vil vere gløymd, og som ikkje vil ha så altfor lang levetid i CD-spelaren til underteikna. For Margaret Berger ryddar ikkje nytt land med denne plata. Men kva gjer vel det, når ho garantert kjem til å setje sitt preg på musikk-Noreg i åra som kjem.


Låtar:


Silver Fairy
Seek I'll Hide
Will You Remember Me Tomorrow?
Samantha
I'm Gonna Stay After Summer
Get Physical
Naive (16)
Robot Song
Pretty Things In Life
Have You Never Ever?

Heimesida til Margaret Berger