Meny

Når immunforsvaret går amok

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ein forskar ved NTNU har funne molekylet som kan stoppe ei rekkje sjukdommar og betre livskvaliteten for mange menneske.

Berit Johansen har brukt 18 år på å finne ut alt om Judasenzymet som er årsaka til mange kroniske sjukdommar. (Foto: NTNU)Berit Johansen har brukt 18 år på å finne ut alt om Judasenzymet som er årsaka til mange kroniske sjukdommar. (Foto: NTNU)

Leddgikt, psoriasis, revmatisme, astma, allergi, MS og Chrons sjukdom er nokre av mange sjukdommar som oppstår fordi immunforsvaret vårt misforstår og trur kroppen er truga av sjukdom.

No kan det sjå ut som om desse lidingane, som på fagspråket vert kalla autoimmune sjukdommar, snart kan kurerast. Forskar Berit Johansen ved biologisk institutt på NTNU har i ei årrekkje arbeidd med enzymet som forårsakar avsporinga i immunsystemet. For atten år sidan klona ho enzymet fosfolipase A2 - som den første i verda, og sidan har ho brukt tida på å finne ut alt om denne syndaren.

Kaos på Gardermoen

Enzymet fosfolipase A2 blir populært kalla «Judas-enzymet». Til magasinet Gemini forklarer Johansen at ein betennelsesreaksjon i kroppen kan samanliknast med ein situasjon på ein flyplass på storleik med Gardermoen. Judasenzymet liknar ho med ein vektar med dårleg hørsel. Når ein passasjer som skal til Bombay seier dette litt høgt, oppfattar vektaren at han seier ordet bombe.

Dermed set vektaren igang ein kjedereaksjon av tilsynelatande naudsynte tryggingstiltak. Politi og brannvesen kjem på banen, passasjerane blir evakuerte, og det oppstår store forseinkingar.

I kroppen oppstår altså betennelsen som følgje av ei misforståing. Og desse betennelsane stoppar ikkje å utvikle seg, om dei ikkje blir stansa medisinsk.

No har Johansen og forskargruppa hennar laga ulike stopp-molekyl som hindrar Judasenzymet å sende galne beskjedar til cellekjerna. Det blir som å fortelje vektaren at han har høyrt feil, og dermed avverje den storstilte og unødvendige aksjonen.

Positive resultat


Tre ulike molekyl er under utprøving for å stoppe nyrebetennelse, revmatisk leddgikt og psoriasis.

Psoriasisvarianten er hittil testa på mus med transplantert psoriasishud frå menneske. Det viste seg at alle musene som fekk injeksjonar med stoppmolekylet, blei betre av behandlinga. På nyåret skal stoffet kome i kremform, og då skal det verte testa på menneske. Franske psoriasispasientar skal vere med på å prøve om stoppmolekylet verkeleg kan stanse den uhemma celledelinga som går føre seg i ein misforstått betennelsesreaksjon.

Viss menneskeforsøka fører til like gode resultat som dyreforsøka, kan vi altså sjå slutten på mykje unødig liding for mange menneske om nokre år.

Kjelder:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Takk for at du abonnerer

Motta våre nyheter via Messenger

Jeg godtar brukvervilkårene
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus