Opprørt over israelsk ambassadør

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den israelske ambassadøren i Noreg, Miryam Shomrat, får hard kritikk frå norske jødar fordi ho måndag kom med utsegner om kongefamilien.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ho ønska at kongefamilien hadde kome med støtte til jødane her i landet og til synagoga i Oslo etter skyteepisoden førre helg.

Forstandar Anne Sender i Det Mosaiske Trussamfunn reagerte sterkt på utspelet.

- Ho har sjølvsagt sin fulle rett til å meine kva ho vil, men ho kan ikkje uttale seg på vegner av oss. Skulle vi ønske å kome med eit slikt utspel, ville vi ha klart det sjølve, men vi ville aldri ha drøymt om å kome med eit utfall mot kongefamilien, seier Anne Sender til Aftenposten. Ho mislikar at Israels ambassadør gjer seg til talskvinne for norske jødar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving