Ut på tur, aldri sur

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er sunt og godt å gå på tur. Men kvifor er det det?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn er fødde med ski på beina. Men kvifor er det så godt å vere ute i naturen? (Foto: lodingen.com)Nordmenn er fødde med ski på beina. Men kvifor er det så godt å vere ute i naturen? (Foto: lodingen.com)

Vi nordmenn er lært opp til at naturen er viktig for oss. Frå vi var små har mange av oss blitt dratt med ut på tur i all slags vêr, for å fiske, gå på ski, plukke bær, finne sopp, eller berre for å vere ute.


Natur light


Men kva er det som gjer at det er så bra å gå på tur? Er det sånn at det stadig omdiskuterte sjukefråveret hadde gått ned viss vi berre gjekk meir i skogen?

Og - må ein verkeleg utandørs, kan det ikkje hjelpe å ha ein plante på kontoret, og å sjå naturprogram på TV eller noko liknande?

Svolværgeita i Lofoten. (Foto: nordnorskklatreskole.no)Svolværgeita i Lofoten. (Foto: nordnorskklatreskole.no)


Hjarterytmen endrast

Forsking har vist at hjerterytmen endrast, og at ein føler seg betre når ein ser på naturbilde, ser ut på ei fin utsikt eller går ein tur i parken.

Forskarar ved Universitetet for Miljø og Biovitskap (UMB) på Ås skal no gå djupare inn i dette feltet. Dei skal finne ut i kva grad det gjer oss friskare at vi er ute i naturen. Er det god samfunnsøkonomi å satse på eit vakkert utemiljø?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Virtuelt studio


For å måle desse verknadene, brukar forskarane mellom anna eit virtuelt studio, der forsøkspersonane blir utsett for ulike miljøstimuli.

Saltstraumen, verdas sterkaste malstrøm. (Foto: longpassages.org)Saltstraumen, verdas sterkaste malstrøm. (Foto: longpassages.org)

Prosjektet tar sikte på å finne ut kva type natur som gir best effekt på kropp og sjel. Forskarane har allereie funne ut at landskap som ikkje blir tatt vare på, tomme, falleferdige hus og attgrodd kulturlandskap har ein negativ effekt på oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan ein måle effekten av naturopplevingar frå eit økonomisk perspektiv? For å kunne setje igang helsetiltak, er ein i aukande grad nøydd til å ha målbare resultat å skilte med.

Sunnmørsalpane. (Foto: Sunalp.no)Sunnmørsalpane. (Foto: Sunalp.no)

Ta naturen inn


Eit alternativ til å gå ut er å ta noko av naturen inn i stova. På Ås blir det også forska på planter og innemiljø. Tina Bringslimark tar doktorgraden sin på samanhengen mellom planter og menneskeleg trivnad og helse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi skal forske på moglege samanhengar mellom planter innandørs og stress, sjukefråver og produktiviteten i arbeidsmiljøet, seier Bringslimark til

Forskning.no.

Kva blomar er best å ha rundt seg viss ein skal halde seg sunn og frisk? Denne begoniaen ser no ganske oppmuntrande ut. (Foto: parsecflor.it)Kva blomar er best å ha rundt seg viss ein skal halde seg sunn og frisk? Denne begoniaen ser no ganske oppmuntrande ut. (Foto: parsecflor.it)

Begonia på pauserommet


Ho skal også sjå på planter i forhold til utsikta frå vindauget på arbeidsplassen, og andre dekorasjonar i rommet. Målet er å finne ut kva planter som har best helseeffekt, og i kva situasjonar og rom det passar med planter.

Til dømes kan det hende at det er betre med ti begoniaer på pauserommet, enn ein på kontoret, sidan vi skal jobbe på kontoret og slappe av på pauserommet.

Du kan jo prøve sjølv, om det hjelper å sjå på desse fine bilda. Viss ikkje, får du heller ta deg ein tur i skogen.

Kjelde:

Les meir i Neste Klikk:

  • At det er sunt og godt å gå på tur, er vel ein norsk truisme. Meir om truismar her.

  • Somme meiner at det ikkje berre er plantene som påverkar oss, men at det er gjensidig. Meir om det her og her.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving