Klart fleirtal mot EU

Tolv år etter siste folkerøystinga om EU, seier dei fleste nordmenn framleis nei til EU-medlemskap.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Dette syner ei fersk meiningsmåling som er utført på oppdrag for NRK. Til saman 50 prosent av dei spurde seier nei til medlemskap, medan 38,8 prosent seier ja. 11,1 prosent svarar veit ikkje.

Kvinner, folk på bygdene og veljarar over 30 år er mest kritiske til EU-medlemsskap. Blant menn er det fleire som seier ja enn nei. I byane er meiningane jamnare fordelt.

Det er også klare geografiske skilnader. Nei-sida står sterkast i Nord-Noreg. Der seier 67 prosent nei til medlemskap. Men i Midt-Noreg og på Vestlandet er det også sterk motstand mot EU-medlemskap. Nei-sida får her ei oppslutning på 52 og 51 prosent. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy