Menneskerettspris til Ole Henrik Magga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlegare sametingspresident, samiskprofessor Ole Henrik Magga (59) får Menneskerettsprisen - Lisl og Leo Eitingers fond for 2006 frå Universitetet i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto:nsr.no)(Foto:nsr.no)

(NPK): Magga får prisen for arbeidet sitt for rettane til urfolk både nasjonalt og internasjonalt.

- Eg synest det er gledeleg at mitt gamle og eigentlege universitet verdset arbeidet mitt så høgt at det vil gi meg ein pris for det, seier ein overraska og glad Ole Henrik Magga til Uniforum.

Ole Henrik Magga er fødd i Ávzevuopmi på Finnmarksvidda. Seinare reiste han til Oslo og der vart han den første samen i Noreg som tok doktorgrad i sitt eige morsmål, samisk.

Magga vart den første presidenten for Sametinget i 1989 og sat fram til 1997. Han var også den første leiaren for FNs permanente komité for urfolk. Dessutan var han ei av drivkreftene bak danninga av Verdsrådet for urfolk i 1976.

I dag jobbar han som professor ved Samisk høgskule i Kautokeino. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving