Evo Morales på overraskingsbesøk hos Castro

Bolivias president Evo Morales var onsdag på overraskingsbesøk hos Cubas leiar Fidel Castro.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Bolivias president Evo Morales var onsdag på overraskingsbesøk hos Cubas leiar Fidel Castro på Cuba. Bildet viser Castro på eit sjukehus i Havana etter mageoperasjonen han gjennomgjekk for ein dryg månad sidan.Bolivias president Evo Morales var onsdag på overraskingsbesøk hos Cubas leiar Fidel Castro på Cuba. Bildet viser Castro på eit sjukehus i Havana etter mageoperasjonen han gjennomgjekk for ein dryg månad sidan.

Havana (NTB-Reuters): Besøket på Cuba varte kun ein halv dag. Morales var saman med Castro i to timar. Castro skal være på betringas veg etter ein mageoperasjon for en dryg månad sidan.

Morales er den andre statsleiaren som kjem på sjukebesøk til Castro. Venezuelas president Hugo Chavez, Castros nærmaste allierte på venstresida i latinamerikansk politikk, har besøkt han heile tre gonger.

Morales åt lunsj med Fidels bror Raul Castro og møtte bolivianarar som studerer medisin på Cuba. Onsdag kveld reiste han tilbake til Bolivia. (©NTB)





Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy