Bikubesong for kinesarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Bikubesong» er den første boka som har blitt omsett direkte frå nynorsk til kinesisk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Bikubesong» vart ein stor suksess for Frode Grytten og for Det Norske Teatret. Ein kinesisk litteraturforskar lika det ho såg og fekk romanen omsett til kinesisk. (Foto: Det Norske Teatret)«Bikubesong» vart ein stor suksess for Frode Grytten og for Det Norske Teatret. Ein kinesisk litteraturforskar lika det ho såg og fekk romanen omsett til kinesisk. (Foto: Det Norske Teatret)

I fjor vart det kjend at «Bikubesong»skulle omsetjast til kinesisk, og under Bjørnsonfestivalen i helga blei boka vist fram.

Begeistring inspirerer


Omsetjaren Shi Qine er litteraturforskar og professor ved Institutt for utanlandsk litteratur ved universitetet i Beijing.

Til Dagsavisen fortel ho at ho såg teaterstykket basert på boka «Bikubesong» i Oslo for nokre år tilbake.

Sjølv om ho ikkje forsto alle nyansane av det som vart sagt, såg ho kor begeistra publikum var. Dette inspirerte ho til å ta fatt på omsetjinga.

Varm og ven


Qine trur kinesarane vil kjenne seg igjen i boka.

- Det som var avgjerande for meg var varmen, godheita og venleiken i beskrivinga av menneska. Ingenting er viktigare enn denne godheita mellom menneske, og den kjem så fint fram i Gryttens roman, seier Shi Qine til avisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Bikubesong» gjekk på det Norske Teatret i over to år, og vart i tillegg vist i Odda i to omganger. Til hausten kjem teaterstykket til Bergen.

Meir nordisk


Grytten-boka er langt frå den einaste norske romanen Qine har jobba med. Frå før har ho omsett Dag Solstad sin trilogi «Svik. Førkrigsår», «Krig 1940» og «Brød og våpen».

Også omsetjing av anna nordisk litteratur som Edda, August Strindberg, Selma Lagerlöf og Harry Martinson står på merittlista hennar.

Meir om Frode Grytten i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving