- Graviditet kan ha utløyst tragedien

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet mistenkjer at den 15 år gamle dottera sin graviditet kan ha hatt samanheng med at mora blei funne død i Ulefoss torsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Scanpix)(Foto: Scanpix)

Ulefoss (NTB): 15-åringen er sikta for lekamsskading med døden til følgje. Mora ble funne død i Ulefoss-området i Telemark torsdag morgon. Etter kva Telemarksavisa erfarer mistenkjer politiet at det er jenta sin graviditet som har utløyst familietragedien.

Det skal ha blitt funne spor etter knivstikk på den avdøde kvinna, og under hundesøket rundt det store bustadbygget i går fann politiet ein kniv dei trur er drapsvåpenet, skriv avisa.

15-åringen ble ikkje avhøyrt torsdag, men blir truleg avhøyrt fredag. Politiadvokat Olav Markussen i Telemark politidistrikt seier til NTB at 15-åringen blei pågripen utan dramatikk på ein stad i Ulefoss der ho var på besøk.

Den avdøde somaliske kvinna hadde opphaldsløyve i Noreg og skal etter det politiet veit ha budd i bustaden ho blei funne i saman med dei tre barna sine. Den 15 år gamle dottera var eldst av dei tre, og dei to yngre barna er no tatt hand om av barnevernet, ifølgje politiet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving