Stones-gitarist under etterforsking for røyking

Rolling Stones-gitaristen Keith Reichards er ikkje heilt ukjent med å kome på kant med lova, men det var først og fremst i yngre år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: elobservador.rctv.net)(Foto: elobservador.rctv.net)

(NPK): No er han igjen i hardt vêr - denne gongen for å ha nytt tobakk på scena under ein utandørs- konsert i Glasgow i Storbritannia fredag.

Skottland innførde i mars forbod mot røyking på avgrensa offentlege stader, og byrådet i Glasgow skal no etterforske gitarlegenda etter å ha fått nyss om at han openlyst skal ha brote lova under konserten på Hampden Park.

Blir Richards funne skuldig, risikerer han å måtte betale i underkant av 600 kroner i førelegg. Konsertarrangøren kan også måtte betale rundt 2.300 kroner for ikkje å ha hindra lovbrotet, skriv The Guardian. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy