Skal opne Holocaust-arkiv 60 år etter

Artikkelen fortsetter under annonsen

60 år etter Holocaust blir eit massivt, tysk arkiv opna med opplysningar om rundt 17,5 millionar offer for nazistane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter ein avtale mellom Tyskland, Israel og USA skal Holocaust-arkivet i den tyske byen Bad Arolsen opnast. Arkivet inneheld opplysningar om 17,5 millionar Holocaust-offer. (Foto: NTB)Etter ein avtale mellom Tyskland, Israel og USA skal Holocaust-arkivet i den tyske byen Bad Arolsen opnast. Arkivet inneheld opplysningar om 17,5 millionar Holocaust-offer. (Foto: NTB)

Berlin (NTB-AFP): Dermed får historikarar muligheit til å kaste nytt lys over kva som skjedde når nazistane styrte.

Avtalen om å opne arkivet i den vesttyske byen Bad Arolsen blei underteikna av Tyskland, Israel og USA i Berlin onsdag. Til nå har berre pårørande og Den internasjonale Røde Kors-komiteen hatt tilgjenge til arkivet, som inneheld rundt 50 millionar dokument.

- Denne semja understrekar kor viktig det er å innfinne seg historia, den understrekar det faktum at det framleis er mykje jobb å gjere, seier Günter Gloser i det tyske utanriksdepartementet.

Mappene inneheld detaljerte og ofte makabre opplysningar som nazi-regimet sirleg førte om ofra sine, blant anna ein handskriven rapport som omhandlar korleis 300 menneske blei likviderte i konsentrasjonsleiren Mauthausen i Østerrike 20. april 1942 som ei bursdagsgåve til Hitler.

Ei anna oppføring syner at nazistane førte lister over namn på personar med hovudlus. I konsentrasjonsleirane har offiserar klassifisert fangar som «schizofrene» eller «homoseksuelle»

Forskarar og historikarar har vore svært kritisk til hemmeleghalding av opplysningane og har argumentert med at dokumenta vil gi eit meir komplett bilde av nazi-Tyskland sine drap på millionar av jødar. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving