Ein sommar er over

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ting som tyder på at sommaren er slutt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Typiske slike teikn er:



Slik kjennast det ut når sommaren tar slutt, trur eg. (Foto: home.att.net)Slik kjennast det ut når sommaren tar slutt, trur eg. (Foto: home.att.net)

1. Det er ingen fine singlettar

att i butikken, berre nokre få sitrongule i str. XXS. Eller 58+.

2. Alle sommarseriene på TV

forsvinn sakte men sikkert. Men det tek ei evigheit før dei du har venta på i sommartørka dukkar opp att.

3. Bokhandlarane

er meir opptekne av å selje bokpapir, blyantar med Diddl-dingsar og rosa plyjspennal enn bøker.

4. Folk som har gått med festivalarmband

og briska seg heile sommaren, byrjer å klyppe dei av.

«En sommer er over, men vi skal sees igjen til neste åååååår.» (Foto: nul-points.net)«En sommer er over, men vi skal sees igjen til neste åååååår.» (Foto: nul-points.net)

5. Reiseradioen speler

«En sommer er over» med Kirsti Sparboe.

6. Reiseradioen slutter

å heite Reiseradioen og går tilbake til å vere Ni-timen.

7. Det er minst ei veke sidan du brukte solkrem sist.

Ikkje fordi det ikkje er sol, men fordi du ikkje bryr deg lenger.

8. H&M og Ellos sender deg

vekentlege påminnarar om at du får 5-10-15% rabatt på haust- og vinterkolleksjonen deira viss du berre fortar deg å bestille no.

Å, eg gidd det berre ikkje.Å, eg gidd det berre ikkje.

9. H&M og Ellos sender deg

brev om at du kan bestille ein førkikk på vår-og sommarkolleksjonen for 2007 ganske snart.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

10. Aviser og nettmagasin held opp

med å spørje kjendisar kva dei skal gjere i sommar og kva som smakar best av pamplonaskinke og rømmegraut.

11. Sommar-sal, sommar-øl,

sommar-ope, sommar-tilbod...det verkar så masete alt saman.

12. Du sender e-post til folk,

og får ikkje lenger slike skrytete «Eg er på ferie på ei stillehavsøy i heile juni og juli»-autosvar.

Gøym eit minne til ein kald vinterdag. (Foto: skarvard.se)Gøym eit minne til ein kald vinterdag. (Foto: skarvard.se)

13. Løvebakken opnar att.

14. Men

svært få bryr seg om det.

15. Vêrmeldinga er uinteressant

og ordet eskorteteneste tar til å bety det det alltid har gjort for folk flest.

Men i hjarta mitt er det alltid sommar...


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving