Dagen barbering blir kjedeleg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det verkar som om alt skal vera «ekstremt» for tida. Derfor var det berre eit spørsmål om tid før uttrykket «ekstrem barbering» kom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og no er ventetida over.

Ostehøvel: Ikkje for pyser. (Foto: extremeshaving.com) Ostehøvel: Ikkje for pyser. (Foto: extremeshaving.com)

Uvanleg barbering


Nettsida Extreme Shaving oppmodar nemleg menn og kvinner i alle aldrar til barbering på uvanlege stader.

Og då meinar dei ikkje stader på kroppen, men det å utføra sjølve barberinga i andre rom og stader enn dei ein vanlegvis nyttar.

Kan dette vere redninga til alle dei som har gått lei av å bruke det behagelege baderommet, med god temperatur og godt lys?

Betalar for bidrag


På nettsida kan kven som helst sende inn eigne fotobidrag.

Bilda som blir valt ut blir premiert med gåvekort på 15 dollar, som tilsvarar snaue 100 kroner.

Barbering for ekte menn. (Foto: extremeshaving.com) Barbering for ekte menn. (Foto: extremeshaving.com)

I tillegg kjem æra av å bli publisert på nettsida deira og det å bli kalla ein «extreme shaver».

Tre premiar på ein gong, altså.

Gode forslag


For dei som ynskjer å ta utfordringa, men slit litt med kreativiteten, har eg nokre forslag til stader som kan vurderast:

På trikken, på toppen av eit fjell, i kantina, på hesteryggen eller i skogen.

Eller kanskje ein kombinasjon?

På hesteryggen i kantina, for eksempel. Muligheitene er mange!

Lykke til!


- Men hugs plaster!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving