Vil at Telenor skal stoppe barneporno

Næringsminister Odd Eriksen har oppmoda Telenor om å stanse biletmeldingar (MMS) med barnepornografi.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Bilde: medienservice.philips.de)(Bilde: medienservice.philips.de)

(NPK): Statsråden har sendt brev til Telenor der han gjev uttrykk for stor uro over utviklinga på dette området.

I svarbrevet peikar Telenor på at reint juridisk har ikkje konsernet høve til å sensurere meldingar som mobilbrukarar sender til kvarandre, fortel Dagens Næringsliv.

- Telenors oppgåve er å overvake nettet, ikkje den private e-posten til kundane. Å hindre barnepornografi via MMS, så vel som andre datasystem, må vera ei politioppgåve som må stoppast gjennom tradisjonelle etterforskingsmetodar, heiter det i svarbrevet frå Telenor til næringsministeren. (NPK)




Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy