Frå mann til elg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er nettopp blitt fellesferie, men allereie no er det ting som tydar på at nokre personar kan ha fått nokre fridagar for mange.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit førebilete for den kreative. (Foto: naturarvskompaniet.se)Eit førebilete for den kreative. (Foto: naturarvskompaniet.se)

Årsaka er to spesielle bileteseriar som ligg på Internett.

Motiva er høgst uvanlege og forskjellige. Men felles for dei begge er at dei viser personar som forsøker å etterligne dyreartar.

I tillegg må begge vere eit resultat av mykje tidsbruk og planlegging.

Og litt galskap.


Halvt mann, halvt elg


I ein serie på seks bilete har ein person verkeleg latt kreaitiviteten ta overhand.

Han har nemleg nytta strømpebukse, skihanskar og symjeføter for å etterlikne ulike dyreslag. I tillegg er det innslag av både tennisracketbeskyttar og joggesko.

Klukk, klukk! (Foto: just-browse.it)Klukk, klukk! (Foto: just-browse.it)

Ekorn, struts, maurslukar og elg er berre nokre av dyra som har blitt etterlikna. Inspirasjonskjeldene har vore mange og ulike, altså.

Avfotografert i ulike posisjonar ser han riktig så overbevisande ut. Om han blir tatt like seriøst som person etter dette, er det derimot ikkje godt å seie.

Her er bileteserie 1.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tigerhanda


Medan mange nyttar feriedagane til å male huset, hytta og garasjen, er det andre som heller lar penselen gli over andre overflater.

I denne bileteserien har hender og armar blitt malt og dekorert for å etterlikne både elefant, hane, ørn, hund og giraff.

Resultatet er veldig overbevisande. Skremmande overbevisande, faktisk.

Her er bileteserie 2.

Ferien er på hell


At desse prosjekta har vore tidkrevjande, er det ingen tvil om. Og resultata er både imponerande og inspirerande, må eg innrømme.

Men kanskje er det best at me andre lar slike aktivitetar føregå bak låste dører. Berre sånn for ordens skuld.

Meir moro i Neste Klikk her og her

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving