Musikk og galskap

Artikkelen fortsetter under annonsen

To søte, koreanske tenårjsenter tar heilt av i denne utrulege musikkvideoen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Karaoke er skikkeleg hot i austen, medan me her på våre breiddegrader har lett for å sjå på det som litt harry. I dag skal du få to videoar som eg trur vil kunne få deg til å sjå på karaoke med nye og sympatiserande auge:

I den første videoen får du sjå to herlege koreanske skulejenter på karaokebar. Dei syng ein for meg heilt ukjent song kalla «Money», og det går faktisk ganske bra. Men så byrjer ei av dei å

ta han heilt ut

, og her bør einkvan talentjeger kjenne si vitjingstid:

Jenta er berre heilt utruleg! Eg vil absolutt rå deg til å

sjå videoen

heilt til endes.

(Foto: youtube.com)(Foto: youtube.com)


Skulle du etter det ikkje ha fått nok av musikkvideo og lattertårar, kan eg anbefale denne videoen: Karaoke for døve. Å sjå ein fyr omsetje Natalie Imbruglias «Torn» til eit eigekomponert døvespråk er i grunnen akkurat det du treng for at dagen skal få eit skikkeleg løft. Ver så god!

(Foto: video.google.com)(Foto: video.google.com)


Mannen som tolkar «Torn»

heiter David Armond. Han er standupkomikar og høyrer til gruppa The Hollow Men.

Meir moro finn du her og her.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving