Det svir!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sommarvarme er lik badeliv er lik brennmaneter. Desverre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


I takt med at kvikksølvet stig i termometeret, stig også brennmanetene opp til overflata og gjer livet surt og sviande for badeglade.

Det er så kjipt når desse badar, for då kan ikkje du. (Foto: Toyni Tobekk)Det er så kjipt når desse badar, for då kan ikkje du. (Foto: Toyni Tobekk)

Au au!


Brennmaneta heiter eigentleg «Cyanea capillata» og er eit stort polyppdyr som lever i saltvatn. Ho har og ein blå slekltning, «Cyanea lamarckii», som held seg mest på sør- og vestlandet.

Slik mange av oss landkrabbar likar å bade når temperaturen stig, ser og brennmaneta ut til å like seg best i vasskorpa på varme dagar. Og er du så uheldig og sym inn i trådane på ei slik, ja då kan mykje av dagen vere øydelagt.

Gode råd


For det svir. Noko så innmari! Og kva kan ein stakkar gjere når ein først er blitt brend?

Mi er faring er at det ikkje manglar på gode råd når uhellet først er ute. Men det er ikkje lett å luke ut kva som faktisk verker, og korfor det hjelper.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan hjelpe at nokon tisser på deg. (Foto: perso.orange.fr)Det kan hjelpe at nokon tisser på deg. (Foto: perso.orange.fr)

Det mange, inkludert dei meir seriøse helsenettstadene på nettet, er samde om, er i alle fall at du må prøve å få skylt vekk alle trådane. Det er nemleg dei som brenn.

Cola og barberblad


Muligheitene er mange: Skyl med saltvatn, ferskvatn, cola, eddik. Det mest ekstreme eg har høyrt, er at du skal skrape deg med barberblad for å vere sikker på å få med alt. Det rådet får du helst

følgje på eige ansvar

.

Skyljinga skal pågå lenge, for at det skal ha nokon effekt. I så måte er vel vatn betreog billegare enn cola.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjøl deg ned


Neste steg er å kjøle ned der det svir. Nok ein gong er det ulikt å velje i, og det fine med slike folkelege råd er at dei ofte har med seg ingrediensar som du allereie har i skapa dine: Aloe vera, youghurt, surmjølk, kortisonsalve...

Det kan hjelpe å ta allergitablettar, men då er det nok best å spørje legen først.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tiss på ein ven


Som ein aller siste utveg kan ein gjere det slik Jake Gyllenhaal (han cowboyen, du veitt) gjorde då han var badevakt: Han tissa på ein som hadde brunne seg på svimaneter, han. Og det hjalp, faktisk!

Du kan jo spørje ein ven om han vil tisse på deg, neste gong du blir brend.

Kanskje du synest det høyrest både vanskeleg og ekkelt ut, men då får du heller setje det opp mot det å svi og ha vondt i mange timar.

Å bade i saltvatn har sine sider. (Foto: smh.com.au)Å bade i saltvatn har sine sider. (Foto: smh.com.au)

Solkrem


Elles skal siste nytt vere at det finst solkrem som beskyttar deg mot brennmanet. Sidan det ikkje er opp til oss å drive produktreklame, får du ta deg ein runde rundt i apoteka og spørje etter kremen

Heile deg
Skulle du vere så uheldig å svi deg på store delar av kroppen, skal du ta kontakt med ein lege. Sjølv om brennmaneter i våre farvatn ikkje er giftige, kan du, i følgje Lommelegen, i aller verste fall få allergisjokk.

Det einaste som garanterer deg mot brennmanetene, er vel eigentleg å bade i ferskvatn eller i symjehall. Men er det like moro?

Har du tips

til noko som kan hjelpe når ein har brunne seg på brennmanet? I så fall kan du skrive det inn i kommentarfeltet nedanfor.

Meir bading i Neste Klikk:

Meir om helse:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving