Når naturen speler oss eit puss

Artikkelen fortsetter under annonsen

Naturen er ikkje alltid like heldig med skaparverket. Her er nokre uvanlege tilfelle der dyr har vore uheldige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Katten som talar med to tunger.Katten som talar med to tunger.

Nettsida

UniqueDaily

har laga ei oversikt over saker som har omhandla deformerte dyr. Nokre av dyra har fått eit uvanleg tal tunger, bein eller hovud.

Eller ikkje hovud i det heile tatt.

Her er nokre av dei spesielle tilfella:



Katten med to tunger


I 2005 vart det fødd ein katt som overraska eigaren sin då han oppdaga at katten hadde to tunger. Den skumle katten hadde til og med endå ei overrasking på lager: Han hadde nemleg fem tær på kvar pote.

Tre hovud tenkjer betre enn eitt.Tre hovud tenkjer betre enn eitt.


Naturleg nok vart katten kalla «Five Toes» og har sidan han vart oppdaga blant anna vore med på fjernsynsprogrammet «Ripley's Believe It or Not».

Men ta det med ro; denne katten er til no den einaste i verda av sitt slag. Heldigvis.


Tre hovud


Heller ikkje skjelpadder er feilfrie. Denne skjelpadda vart funnen med tre fungerande hovud.

Då ein prest i eit tempel såg skjelpadda, meinte han at den måtte vere ei gåve frå Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jo fleire føter, jo meire krøll.Jo fleire føter, jo meire krøll.

Artig å sjå på er den òg...

Sjubeint frosk


I ein dam ved Atkinson Town Hall vart det funnen ein sjubeint frosk. Slike tilfeller er visstnok ikkje så heilt uvanlege, men det er ikkje mange som får sjå dei, sidan dei fleste døyr tidleg.

Denne frosken fekk likevel leve eit langt liv, til tross for sitt handikapp.

Hovudlaus kylling


Dette tilfellet er menneskeskapt, men likevel: Ein bonde skulle drepe ein kylling, og kutta derfor av hovudet på han.

Heller hovudlaus enn rådlaus.Heller hovudlaus enn rådlaus.

Men neste morgon var kyllingen framleis i live. Han fekk derfor lov å leve, og levde faktisk i fleire år, vert det påstått.

Korleis kyllingen tok til seg mat i alle desse åra, seier historia likevel ingenting om.

For å sjå fleire deformerte dyr og lese heile historia, kan du besøkje nettsida

UniqueDaily

.




Meir om dyr i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving