Japansk pølseslukar sette ny rekord

Artikkelen fortsetter under annonsen

Japanske Takeru Kobayashi har forbetra sin eigen verdsrekord i eting av varme pølser.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Japanske Takeru Kobayashi (bildet) har vunne sitt sjette VM i pølse-eting og forbetra sin eigen verdsrekord. Den nye rekorden er på 53,75 pølser på tolv minutt, men Kobayashi er ikkje nøgd og meiner han kan greie meir. Kappeting er ein populær sport i USA, og pølse-VM i New York hadde samla både amerikanske, asiatiske og europeiske deltakarar. (Foto: Brendan McDermid, SCANPIX/REUTERS)Japanske Takeru Kobayashi (bildet) har vunne sitt sjette VM i pølse-eting og forbetra sin eigen verdsrekord. Den nye rekorden er på 53,75 pølser på tolv minutt, men Kobayashi er ikkje nøgd og meiner han kan greie meir. Kappeting er ein populær sport i USA, og pølse-VM i New York hadde samla både amerikanske, asiatiske og europeiske deltakarar. (Foto: Brendan McDermid, SCANPIX/REUTERS)

New York (NTB-Reuters-DPA): Kobayashi fekk i seg 53 wienarar med brød og ketchup på tolv minutt.

Den 54. pølsa greidde han berre tre firedelar av før tida var ute, opplyser arrangørane av VM i pølsespising i New York. Konkurransen blei halden på USAs nasjonaldag 4. juli, men amerikanarar som hadde håpa på heimeseier, ble grundig skuffa.

Takeru Kobayashi var ikke heilt nøgd sjølv heller. - Eg er ikke nøgd med dette resultatet, eg skal kome sterkare tilbake, lovde 27-åringen, som kunne feire sitt sjette pølsemeisterskap i rekkja, sjølv om han eigentleg er mer glad i soyaretten tofu.

På andreplass i oppgjeret i New York kom Joey Chestnut frå USA, med 52 pølser på tolv minutt. Verdsmeisterskapen hadde også samla pølseentusiastar frå Sverige, Tsjekkia og ei rekkje andre land.

Etekonkurransar er populære i USA, spesielt i helger og feriar. Det kappetast alt frå pølser til kyllingvenger og «turduckeen», ein spesialrett laga av kalkun som vert fylt med andekjøtt og kylling. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving