Stakkars vesle plante

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hjelper det med «Ås To I Osjlo» for å få plantene til å vekse?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Før: Slik såg dei ut då eksperimentet byrja den 9. mai 2006. (Foto: Toyni Tobekk)Før: Slik såg dei ut då eksperimentet byrja den 9. mai 2006. (Foto: Toyni Tobekk)

Prosjekt plante: Eg kjøpte to persiske fiolar i byrjinga av mai og gav dei namna Aurora og Sokrates. Sokrates skulle få berre vatn, medan Aurora i tillegg skulle få mykje kos og ekstrasørvis.

Hjelper det?


Føremålet var altså å sjå om det hjelper å kviskre søte ord i øyret på blomar for å få dei til å vekse betre.

Før eg avslører korleis det har gått, vil eg berre fortelje litt om kva eg har gjort.

Likt utgangspunkt


Båe to har stått i lag til vanleg, og såleis blitt utsett for nett same dose radioskvalder og folkesnakk. For at Aurora skulle få dette litle ekstra - heiltl eksklusivt - har eg difor vore nøydt til å ta ho fysisk vekk frå Sokrates.

Viss Ravi sjølv song Ravi-songar, hadde Aurora kanskje likt seg betre. (Foto: Neste Klikk)Viss Ravi sjølv song Ravi-songar, hadde Aurora kanskje likt seg betre. (Foto: Neste Klikk)

Slik:


Metode 1:

Før dei andre eg jobbar med har kome seg på arbeid, har eg nokre morgoner tatt Aurora med ut i gangen og lese dikt eller sunge for ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det har gått i «Hysj, kan du høyre graset gro», «Den fyste song» og altså «Ås To I Osjlo».

Det er kjekt å syngje, men eg må medgje at eg har vore svært, svært glad for at eg har vore aleine på jobb så ofte.

Metode 2:

Desse to plantene har og vore med meg heim, og då har eg ved eitt par høve tatt Aurora på fanget og sett «Skjærgardsdoktoren» i lag med ho. Ganske triveleg, eigentleg, å ha ei lita venninne med seg som er einig i alt og ikkje avbryt tv-kvelden med siste nytt på kjærleiksfronten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan det vere at Aurora ikkje likar «Skjærgardsdoktoren»? (Foto: hemsidor.torget.se)Kan det vere at Aurora ikkje likar «Skjærgardsdoktoren»? (Foto: hemsidor.torget.se)

Eg reknar jo med at Aurora forstår svensk like godt som norsk, og om ikkje anna kunne ho høyre stemma mi kome med kommentarar om den vakre svenske skjærgarden og den svært sympatiske Samuel Fröler som dokter Johan Steen.

Nok ein gong: Heime aleine og glad for det…

Artikkelen fortsetter under annonsen

Metode 3:

Raudvin ute på verandaen har det og blitt. Me satt der ein sommarkveld, me to blomane, og såg på bølgjene som rulla mot stranda, medan me delte eit glas raudvin i forholdet 20:1 til meg.

Metode 4:

Eg ønskjer jo at Aurora skal vekse opp og bli ein samfunnsbevisst blom, og difor har eg innimellom lese aviser for ho. Me har prøvd å halde oss litt orienterte gjennom å lese innanriksstoff og landbruksnytt i Nationen.

Kanskje var dette siste ikkje så klokt, når det kom til stykket?

Etter: Ikkje heilt bra, dette, nei. (Foto: Toyni Tobekk)Etter: Ikkje heilt bra, dette, nei. (Foto: Toyni Tobekk)

Au sann


Aurora og Sokrates held nemleg på å visne!

Det er ikkje kjekt å innrømme det, men det må gjerast: Dei har ikkje trivdest særleg godt med meg som omsorgsperson, ser det ut til.

Eg har prøvd å halde liv i dei, som best eg kunne. Rett nok har det vore innmari varmt i periodar, og dermed har det vore ein heil vitskap å gje dei den eksakt rette dosa med vatn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rullebladet mitt er heller ikkje så snøkvitt: Eg har drepe meir enn gjennomsnittet mange stoveasaleaer og husfredar. Til og med lite vasskrevjande sukkulentar har eg klart å ta livet av.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Planteomsorg hadde gjerne vore enklare viss eg lytta meir og snakka mindre. (Foto: wicksteed.co.uk9)Planteomsorg hadde gjerne vore enklare viss eg lytta meir og snakka mindre. (Foto: wicksteed.co.uk9)

Uviss framtid


Trøysta for meg kom i form av eit kvinnfolk som såg plantene stå i stova mi og sa: - Dei er ikkje lette å få til, dei der.

Dessutan så speler det ikkje så stor rolle. Poenget er nemleg at Aurora har visna litt mindre enn Sokrates!

Det kan altså sjå ut til at ein plantedrepar som meg drep plantene litt saktare viss dei får ekstra omsorg undervegs.

Det får vere konklusjonen her.

Eg veit i alle fall at eg no har følgjande val:
1. Aktiv dødshjelp: Eller «hive dei i komposten», som det og kallast.
2. Aktiv livshjelp: Gje dei til svigermor og sjå om ikkje dei kan kome til hektene att.

Eller vil du ha dei, kanskje?

Den første artikkelen om Aurora opg Sokrates: Kjærleik fiksar alt.

Aurora er, i følgje Caplex, morgenraudens gudinne. Sokrates var ein stor, gresk tenkjar. Både desse var og figurar i Anne Cath Vestlys verd på Tiriltoppen.
Vil du vite meir om Exacum affine, kan du lese her.

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving