Ta ein kikk inn i fuglekassa

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil du sjå søte, svoltne små fugleungar? Du treng ikkje hage, ikkje eiga fuglekasse, berre det mangfoldige internettet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bli med på besøk til kjøttmeisen! (Foto: kig-i-fuglekassen.dk)Bli med på besøk til kjøttmeisen! (Foto: kig-i-fuglekassen.dk)

Dyr betyr mykje for mange menneske. Å høyre fuglesong om våren, å gå tur med hunden, å møte den gledesstrålande katten som ventar på deg når du kjem heim, å sjå ei ørn langt der oppe, eller berre å gå forbi nokre kyr på eit jorde er opplevingar som er gull verd.

Besøk ein fuglefamilie


Fuglar er kjekke naboar, viss ein har ein fuglekasse i eit tre. Det er artig å følgje med på livet deira, reirbygging, egglegging og mating av ungar.

Det er jo ikkje alltid det passer like godt å kome på besøk til desse naboane, og ikkje alle har dei riktige forholda for egglegging rett utanfor stovedøra. Men du kan likevel gå på besøk til herr og fru fugl utan at det forstyrrar dei i det heile, og sjå alt dei gjer.

Heime hos kjøttmeisen


Haugesunds Avis har eit

webkamera

i fuglekassa der ein kjøttmeisfamilie held til. No er ungane allereie i full sving med å lære seg å flyge, først trygt og godt inni kassa. Snart skal dei ut i verda på ordentleg. Avisa har late lesarane følgje med på heile prosessen frå meisemor flytta inn i kassa. Lesarane blei også invitert til å vere med å bestemme kva meisemor skulle heite.

Det koselege websirkuset blir kringkasta frå hagen til Joar Mortveit (18) frå Skjold. På avisa sine nettsider finn du også

videoopptak

frå små og store hendingar i kjøttmeisfamilien sitt liv.



  • Sjå bilde og

    video

    frå kjøttmeisfamilien på Skjold.

  • Her er ei anna fuglekasse du kan sjå i.


Meir om dyr i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving