Viktig med personleg pynt på kontoret

Artikkelen fortsetter under annonsen

Personleg preg på eigen kontorplass er viktig for arbeidsinnsatsen, viser ei ny svensk undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: koalie.net) (Foto: koalie.net)

(NPK): Ni av ti blant over 1.000 spurde kontortilsette meiner at utforminga av kontoret påverkar arbeidsinnsatsen. Sju av ti ser ein samanheng mellom stress og korleis det ser ut på kontorpulten.

Dei fleste opplever det også som velgjerande å ha personlege ting rundt seg på arbeidsplassen, går det fram av undersøkinga som er gjort av Vasakronan i samarbeid med Kontorsbarometern.

Kvinner er litt meir opptekne av å pynte kontorplassen enn menn, ifølgje undersøkinga. Medan 66 prosent av kvinnene meiner dei arbeider betre med personlege ting på kontorplassen, er det tilsvarande talet for menn 55 prosent.

- Kontortilsette framhever ofte det fysiske og sosiale miljøet som viktige stressdemparar. Det dreier seg såleis ikkje berre om å ha for mykje å gjere eller at verksemda er dårleg organisert. Utforminga og lydnivået på arbeidsplassen spelar også ein viktig rolle, seier professor i sosialmedisin ved Uppsala universitet, Bengt Arnets, til Dagens Nyheter. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving